mandag 31. august 2009

Då har eg vore her i 3 veker og no synst eg temperaturen ikkje er så altfor verst. Om det har blitt noko kjøligare eller om det er eg som har tilpassa meg, det får stå som eit ope spørsmål. Eg har ingen temperaturmålar på rommet, men det er det på fleire ulike stadar i byen, så det er vanskelig å seie noko vitskapeleg om temperaturendringane. Det er i alle fall sikkert at sjølv om veret er det same her heile tida, sol, så er varmen variabel. Læraren min fortalde førre måndag at det hadde vore svært varmt førre helg, pga. eit varmt vindtrykk frå Afrika, med temperaturar på godt over 40 grader i fleire spanske byar, og nyhendene meldte at det var høg beredskap pga. varmen og at folk måtte drikke mykje vatn og passe på.

Elles har eg vore litt forkjøla nokre dagar sidan sist oppdatering. Om det var Svineinfluensaen er nok heller tvilsamt, det var milde saker. Utover å bruke Antibac før eg et mat, tenkjer eg lite på det. Spania er det landet i Europa etter England som er hardast ramma, og her skal massevaksinering startast i oktober, men då kun til risikogrupper. 

For ei veke sidan var eg og besøkte Alhambra med ein kamerat frå Austerrike. Alhambra er ei borg som vart bygt på 1200-tallet og tilbyr spektakulære palass og utsmykkingar, og ikkje minst flott utsikt over byen. Den er den store turistmaskina i Granada og er verdt eit besøk. På torsdag var vi ein gjeng som var på arabisk bad på Hammams de Al Andalus, som er ulike små basseng med høvesvis iskaldt, varmt og glovarmt vatn. Veldig behageleg. I tillegg var det 15 min med massasje og god arabisk te etterpå. Heile badet og staden var veldig gjennomført med flotte søyler, arkitektur, arabisk musikk og røykelse. Badehuset er ikkje meir enn 10 år gammalt, men ein trur at det for ca 600 år sidan, då var Granada ein arabisk by, at det på same staden var ein offentleg Hammam. Dette er førebels kva eg vil anbefale for turistar i Granada. I tillegg skal det visst vere eit enormt skisenter like i nærleiken på 2000 -3000 moh ved Sierra Nevada, men dette er ikkje ope før vinteren set inn. 

Elles har eg no prøvd å vaske klede. Eg har ei vaskemaskin i leilegheita som har 13 program, men det står ikkje kor mange grader dei ulike programma brukar. Bruksanvising spurte eg vaskedama om, det kjem ei og vaskar her kvar laurdag, men den var ikkje mogleg å oppdrive. Difor brukte eg likegodt program nr 2 (kvifor ikkje?) då eg vaska t-skjortene mine, det blir i grunnen lite klesvask/klesforbruk her i varmen, og joda, dei luktar godt og har ikkje krympa så vidt eg kan sjå. 

Eg har forresten gått opp eit nivå på språkskulen. Det er heilt automatisk og gjaldt alle mine åtte klassekameratar, så det er eigentlig ikkje mykje å skrive heim om. Første dagen på skulen måtte eg ta ein test, og eg hamna på nivå 2 av 6. Førre måndag gikk eg altså opp til nivå 3 av 6. For min del er i grunnen mykje av grammatikken vi gjennomgår kjent stoff. I dei spanske valfaga som eg har tatt på NHH har vi gått gjennom svært mykje grammatikk og skriftleg spansk, men det vart ikkje sett av mykje tid til drilling og munnleg språkbruk, difor har eg svært stort utbytte frå timane på språkskulen. Så sjølv om eg kan sitte og nikke til tavla i timane, er eg i grunnen svært grøn når eg blir tvinga til å prate.  

I går var eg og symja på treningssenteret kor eg no er medlem. Etterpå var eg på ein restaurant som tilbydde bufe med ymse rettar og åt middag. Det skal ikkje vere sagt at eg klarte å ete inn dei 13 euroane, inkludert drikke, som eg måtte ut med, men eg blei mett. Eg et framleis ute kvar dag, bortsett frå ein ferdigpizza i ny og ne, og legg stort sett igjen i overkant av 10 euro på ulike restaurantar. I tillegg er det også mange restaurantar som stenger kjøkkenet frå kl 16 30 til 20, akkurat når eg er klar for norsk middag. 

3 kommentarer:

Unknown sa...

Heisann. Kjekt å høre frå deg om korsen du he det i Spania. Litt misunnelig på varmen og været. Her i Molde he det vore overskya og kaldt lenge no, og det he regna både mykje og lenge...
Høres ut som du trivst godt og at du allerede e godt oppdatert på det spanske språket. Kos deg. Hilsen alle oss 4 i Molde

Husdraumen/Anita sa...

KJEKT Henning!:)
Her skal vi følgje med. Beklagar at det ikkje har blitt sendt mms til deg enno. Eksamenslesing, Ikeabesøk og Kongsberg as we speak.

Anonym sa...

flott at du he fått til slik at gamle tanta kan skrive her:-))
Alt bra her ute....Helle fekk vannkoppa i dag...Hanna hadde det for 2 veke sida...
ellers e vi oppegåandes...iallefall nesten:-)
kos dej å så sjekka ej her av og til...
klem tante R