fredag 28. august 2009

Oppdatering 17.08.2009

No har eg vore i Spania i ei veke, og eg begynner så smått å tilpasse meg livet og varmen. I skrivande stund er det 39 grader og bordvifta mi står på full gull (det er som sagt ikkje aircondition i leilegheita her). Eg forstår framleis fint lite av spansken på TV og på gata, men eg merkar allereie at eg har framgang. Det er ikkje all verda med engelskkunnskapar ute og går blant lokalbefolkninga, både på butikkar og restaurantar er eg i grunnen nøydt til å prate spansk. Og om eg tek meg tida så blir det nokolunde forståing blant begge partar. Men ikkje alltid, i stad kjøpte eg noko rart raudt munnskyllevatn på eit apotek for 4 euro. Eg var i grunnen ute etter fluorskyll.

Eg står opp kvar dag kl 08 00, kjekt å få sove så lenge. Eg byrjar på skule kl 09 00 og har time til kl 13 00. Då stenger skulen i to timar, siesta, og kl 15 00 til 19 00 er det skule for dei som er så uheldige å ikkje få timar tidleg på dag. Kl 19 00 er det kulturtime, då lærer vi om kultur i Spania. Hittil har det blitt undervist om ETA (separatist/terrorgruppa i Cataluña som driv å sprenger bomber på Mallorca), Don Quijote (klassisk litteratur), ordtak på spansk og flamencodansing. Lærarane nektar å snakke engelsk i timane så det er mykje som går meg hus forbi.

Eg bor saman med ei jente frå Roma og ei jente frå Göteborg i 9. etasje i eit typisk spansk leilegheitskompleks. Greie folk, men leilegheita er ikkje særlig flott. Dusjen er svært liten og det er vanskelig å få plass i den. En morgon eg dusja klarte eg å søle vatn på golvet og ned i ei lita sprekke, då kom det små skadedyr symjande i retur frå sprekka i golvet. Kjøkkenet er heller ikkje optimalt. Døra til steikeomnen går ikkje heilt igjen, og då eg steikte ein spansk grandiosa på onsdag vart heile komfyren svært varm. Men det stoppar ikkje meg frå å lage grandis fleire gongar.

Med tanke på dusjforholda her har eg no bestemt meg for å legge 600 kr på bordet for å bli medlem på eit meget flott treningssenter med symjebasseng, ymse treningsapparat og sauna. Usikker på om det blir mykje trening på meg i varmen, men eg får iallfall dusja skikkelig. Rutinen min denne veka har vore å gå heim frå skule kl 13 og ete lunsj. Lunsjen består av ein pariserloff, har funne nokre som er relativt grove, medan eg ser på ”Walker Texas Ranger” med Chuck Norris dubba til spansk. Eg forstår fint lite, men det er såpass mykje slåssing at det er lett å få med seg innhaldet.

På fredag var eg ute og åt tapas med to jenter frå Berlin og ein gjeng kinesarar. Etterpå gjekk turen til ein bar kor vi drakk sangrìa og fekk meir tapas. Det flotte med Granada er at det er svært mange restaurantar/barar og den sterke konkurransen mellom dei gjer at du alltid får med ein gratis tapas til drikka som du bestiller. På onsdag gjekk eg på ein liten smell på ein restaurant. Eg bestilte noko som eg trudde var tapas, kelneren sa i alle fall ”Sì sì” når eg spurte om det var snakk om tapas (det er generelt vanskelig å forstå menyen). Det var tapas eg fekk, men det var stort sett rå sjømat og litt spekemat. Eg er ikkje like glad i sushi som Sunniva, men eg klarte å få ned ein del av det, og eg klarte også å behalde det utover kvelden.

Eg ser no at dette fort dreg ut i det vide og det breidde, så det tek eg like godt og avsluttar for denne gang. Alt vel, hels heim

Ingen kommentarer: