mandag 7. september 2009

Livet i Spania går sin vante gang. Eg drikk framleis ikkje vatn frå springen, og i og med at det kostar 12 kr for to femliters dunkar med vatn, har eg førebels ingen planar om å ta steget over til krana. Elles går eg til treningssenteret og sym nokre gongar i veka, og no har eg også funne ut at det er eit boblebad på senteret. I tillegg har eg funne ein plass i nærleiken av treningssenteret som sel ein hamburgar med speilegg og bacon, samt litt salat og tomat. Ein interessant kombinasjon spør du meg, men eg føler på sett og vis at det leverar.

Det er stor gjennomtrekk både på skulen og her i leilegheita. Dei eg budde med i starten er vekk og det har kome nye folk. Brorparten av mine vennar på bileta nedanfor er også reist over alle haugar. Det er både og. Det er kjekt å bli kjent med nye folk og å høre på kva dei styrer med og korleis stoda er i ulike land, men det blir ikkje mykje langvarige nettverk av det.

Den svenske jenta eg budde saman blei denne veka beten på ryggen av noko medan ho sov. Ho hovna opp ganske kraftig, og det vart berre større og større i løpet av nokre dagar. Til slutt måtte ho bite i det sure eplet, ho hadde visst ikkje heilt fullverdig reiseforsikring, og ho måtte oppsøke legen som skulen har ein avtale med. Legen meinte ho hadde blitt beten av ein edderkopp og ho fekk ei sprøyte og ein 10 dagarskur med tablettar. Konsultasjonen kosta 40 euro og etter kvart gjekk opphovninga ganske fort tilbake. Situasjonen var ikkje veldig dramatisk og ho meinte at ho var veldig sensitiv mot ymse insekt og skadedyr. Mellom anna fordi ho hadde opplevd verre bittreaksjonar då ho var på tur i Italia og då ho budde i Bolivia. Det eg synst var rart var at ho fortalte at legen ikkje kunne engelsk. Greitt nok at særs få personar pratar engelsk her i byen, men ein lege som har studert i det vide og breidde og gjerne er noko skarp, bør vell kunne skilte med litt språkkunnskapar. Mi hypotese, som eg på ingen måte kan dokumentere, er at det noko vanskelig for spanjolar, franskmenn og italienarar å lære engelsk samanlikna med oss nordmenn. I alle fall lærar italienarane på språkskulen særs fort spansk, blant anna fordi det er mange ord som er like. 

Læraren min fortalde nyleg om ein plass i byen kor det brukte å bli svært kaldt om vinteren. Det kunne av og til vere så kaldt som 8 varmegrader der, og då slutta blodet å sirkulere i hendene hennar meinte ho. Klassa, som då bestod av rundt 8 personar som til vanleg har adresse et godt stykke nord for Spania, knegga litt og ein person braut ut i ein spontan latter. Ho registrerte denne humringa og fortalde vidare at på den andre sida er jo det rart for henne å høre på når vi seier at 35 grader er altfor varmt. 35 grader for henne er i grunnen friskt, nesten kjølig. Når graderstokken derimot kryp eit stykke over 40 grader kunne ho vere med på at det er på tide å slå på airconditionen.   

Denne helga har eg vore på 3 visningar og eg kunne skreve mykje om gasskomfyrar og tilhøva i spanske bustader. Eg nøyer meg heller med å konstatere at vi heime i Noreg badar i luksus med tanke på bustadstandard. I tillegg er det svært rimeleg å leige eit rom her samanlikna med Bergen. På den andre sida er det som heime, ein får det ein betalar for. Men eg reknar med det dukkar opp noko akseptabelt etter kvart, de får følgje med. Hasta luego

5 kommentarer:

christopher sa...

Velkommen til Granada. http://igranada.blogspot.com/

Husdraumen/Anita sa...

Vi må koke vatnet eller kjøpe vatn her heime også ;)

Anonym sa...

Hei, kjekt å lese kva du fyller dagane med, ventar spent på neste rapport

Anonym sa...

mamma som prøver seg :)

Anonym sa...

kjempe kjekt å lese om kva du tenker og opplever:-)
kryssa fingrane for at du finn dej en fin og varm plass å bu før kulden sette inn:-)))))
ha det fint vidare...klem tante R