lørdag 19. september 2009


Eg og Cristoph med noko godt og kaldt i glaset, samt gratis tapas










Eit bilete av olivenoljeavdelinga på supermercadoen: kanskje er dette forklaringa på at det er lite hjerte- og karsjukdommar rundt middelhavet?










Alhambra, ei spektaulaer borg fraa 1200-talet som ligg midt i byen, og som forovrig er paa UNESCO si verdsarvliste. I tillegg har Alhambra ein enorm hage, Generalife, som ligg til venstre paa bildet som eg trur Tante Liv hadde likt









Flott solnedgang pa Embalse de Canales, 958 moh












Padling































Då var det igjen tid for ei lita oppdatering av stoda sørpå. Sidan sist har veret gjort eit aldri så lite skifte. Det er no normalt med rundt 19 – 25 grader på dagtid, medan gradestokken kryp eit stykke til nedover på natta. Med andre ord, det er rett og slett kaldt her. Eg har difor måtte gå til det steget å ta på meg genseren som eg tok av meg då eg landa på flyplassen i Malaga 9. august, samt ei dongeribukse. I tillegg har det kome litt regn nokre dagar. No skal eg ikkje klage på veret, det er i grunnen flott at veret etter kvart byrjar å skifte, for då har vi som bor på desse breiddegrader noko å prate om.

Elles har eg funne ei ny leilegheit å bu i. No når språkskulen straks er over og Universidad de Granada står for tur, treng eg eit nytt krypinn. Eg har takka ja til eit rom i ei leilegheit med to andre franske gutar og skal flytte inn neste helg. Leilegheita er veldig typisk spansk og rommet er heller ikkje særlig stort. Men så lenge eg får ei seng, skrivepult, internett og eit leselys er eg nøgd. Leilegheita er fullt utstyrt med alt ein treng; dvs møblar, vaskemaskin og TV, samt koppar og kar på kjøkkenet. Det følgde også med pute og sengetøy på rommet. Husvertane, eit eldre ektepar, bor like ved og var svært hyggelige. Dette ekteparet, som forøvrig var unge då Franco hadde si stordomstid, kunne ikkje eit kløyva ord engelsk. I og med at alderen hadde satt sitt preg på talehastigheita, var det mogleg å forstå noko av det som vart sagt under visninga. Eg svarte også bekreftande eit par gongar på nokre spørsmål eg ikkje forstod før eg satt nasa heimover. Kva eg svarte ja på får tida vise.

På språkskulen merkar eg at grammatikken byrjar å ta seg opp. Eg innser at det er på tide å sette seg ned å studere litt på kveldane. Spansken går framover, men eg erkjenner at det er ein lang prosess å lære eit språk. Då er det godt å vite at noko

så triveleg som det å gå på butikken eller på gata, og vidare lese på etikkar eller plakatar, erstattar ei heller kjedelig runde med glosepugging. Elles registrerar eg at alt på TV blir dubba. Alt frå intervju med engelskmenn på nyhendene til seriar og filmar. Sånn sett er det lett å forstå at mange spanjolar ikkje ser det store i å lære seg engelsk.

Eg har også vore litt aktiv denne veka, forutan mine halvhjerta symjeturar på treningssenteret. Eg og tre kameratar betalte 15 euro for å få padle kanoar. Padlinga føregjekk 15 km utanfor sentrum av Granada på Embalse de Canales, som er eit kunstig vatn/vassreservoar 958 moh. Denne dammen er også både eit magasin for kraftproduksjon, samt drikkevatn for Granada. Temperaturen i vatnet inviterte til bading, noko som ikkje var forbode. Det var heller ingen på turen eller lærarane mine som heva augebryna over at det var fullt lovleg å bade i dette drikkevatnet. Naturopplevingane var storslåtte og padling er i grunnen snyta kjekt. Det einaste å sette ein finger på var at sjåføren vår bøtta ned ei ølboks før han kasta seg bak rattet for å kjøre oss heim. No er nok mest sannsynleg promillegrensa ein del høgare i Spania, sjølv om EU har stramma inn, enn i Noreg. Og bil- og alkoholkulturen er kanskje også annleis. Likevel følte eg meg ikkje heilt trygg på dei store og flotte motorvegane då vi kjørte heim.

Ein annan dag var eg med den same gjengen og prøvde ut det andre arabiske badet i byen. Her var det eit kaldt basseng, og 6 andre basseng med varmt vatn. Det skulle visstnok vere ulik temperatur i alle bassenga, men eg klarte kun å skilje mellom kaldt, varmt, og veldig varmt. Eg må innrømme at eg synst det førre arabiske badet, som eg besøkte for nokre veker sidan, var mykje betre og meir gjennomført. Men i og med at det var studentpris her var det i grunnen ikkje så dumt likevel.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Halloen...
Flott at du he fått ny leilighet...må no legge ut bilde av den:-) Håper der ikkje e dyr...
Ellers hadde det vore kjekt med komentar til kvart bilde:-) hmmm forlanga ej for mykje????
Vart no litt betenkt no du driv å sitte på med fylle kjørara...hmm...konne du ikkje kjøre sjølv då???
Men kjekt å høyre at du trivast...hekje du heimlengsel i det heile???
Ha ei fin tid vidare
klem tante R :-)

Anonym sa...

Helsing frå Stryn
ser at du forsatt he det bra, godt at du reagerer på spanske vana som å bade i drikkevatner og kjøre i fylla:), du skriv så ledig og lett det er ei fryd å lese det.Klem mamma

Henning sa...

Ja, kan legge ut bilete av nye leilegheita etterkvart. Det er berre å forlange, men det var ikkje så enkelt å få kommentarar under kvart bilete, og også å få plassere bileta der eg vil ha dei.
Eg hadde sjølv drukke ei boks øl, var inkludert i prisen på padlinga, så trur ikkje det hadde hjulpet om eg hadde kjørt. Men sånn som folk kjøre her nede, m.a. fløyting istaden for bremsing, er det kanskje greitt å ta ei øl for å roe nervane :p
Joda, har heimlengsel til tider. Norge er eit kjempeflott land å bu i ser eg no. Det er to ting eg saknar, Sunniva og brunost.

Anonym sa...

haha....måtte du drikke ei øl før du fekk lov å padle...no måtte ej le litt...
trudde no du va so data frik at du fekk til både bilde og tekst og alt anna...hmmm...vart no litt betenkt...hmm...e det anna system der nede kanskje:-))))
Ja norge e et flott land å bu i...Men hekje du funne norsk butikk som sel brunost og knekkebrød då??? det e ej sikker på der e en plass:-))
skal Sunniva nedover å besøke dej i haust då eller??
..her koka ej fårikål i dag..Monika og jentene kjem på middag...Atle jobba overtid so han fe det til kvelds...
ha det fint vidare..
klem
tante R

Husdraumen/Anita sa...

Signera dei over her, enig:) Og viss vi kan få store bilde i staden for små so e de også veldig bra!
He tatt bilde til dej av snøven i fjella her. Kjeme på bloggen straks!

Takk for kort til Mats i dag!

Klem frå Åmdal

Henning sa...

No la eg ut kommentarar til alle bilda, det er fleire som har sett seg enige med Tante Randi om tekst til alle bilete, men paa det foerste innlegget med bilete vart det berre rot. Kva skal eg gjere Anita, bloggekspert, for aa faa bilda og teksta der eg vil ha dei, alt er saa laast fast naar eg skal redigere tekst og bilete? Og bilda blir stoerre visst du klikka paa dei.

Nei, det var etter padlinga vi fekk tilbod om noko aa drikke, og vi kunne velge mellom juice og vatn. Eg tok det som var dyrast. Tvila paa det er norske butikkar her, det er berre Besten som klarer aa finne saant. Eg har mott 1 nordmann i lopet av 2 maanader saa eg trur ikkje markedet er saa stort for det heller. Sunniva kjem i slutten av november naar ho er ferdig med eksmaen :)