mandag 5. oktober 2009


Eg og mine to romkameratar med kvite papirlommetørkle. Betydde visstnok at tyrefektaren hadde vore flink og difor kunne fått eit eller begge av øyra til oksen som premie



Den stakkars oksen blir slept ut



Olè



Tyrefektaren i full vigør



Dei tre banderillerane i aksjon



Legg merke til femåringen som observarar og lærar


Fin marsjering i starten


Plaza de Toros


Litt bilete frå nye leilegheita, før vi flytta inn. Kjøkken


Stove



Rommet mitt (ser betre ut i virkeligheita, og med meir lys inn vinduet)

Bad

Dusj

Inngang








Då har eg vore her nede i varmen i 2 månadar. Det var kjekt å konstatere i går, samtidig som eg noterar meg at vi har bevega oss inn i kalde oktober, at gradestokken hadde klatra opp att til 29 grader rundt middagstid (norsk middagstid, vel og merke). Ved spansk middagstid, ca kl 22 om kvelden, var det litt kaldare, utan at eg har nokre sikre temperaturreferansar å vise til. Difor er det ikkje til stikke under en stol at det er mogleg at shortsen kan takast i bruk igjen.

Vidare har eg flytta inn i ein ny bustad, eit kollektiv med to franske gutar. Hyggelege og omgjengelege folk, men vi slit litt med kommunikasjonen. Eg pratar betre engelsk enn spansk, sjølv om engelsken min heller ikkje er all verda å skrive heim om. Dei derimot pratar betre spansk enn engelsk, og gode råd er ofte dyre når eg ber om at dei spanske frasene dei serverar vert omsett til engelsk. Det er og kjekt at eg slepp å vere kontaktperson med husvertane. Det er ikkje det at husvertane ikkje er oppegåande folk. Eg fekk mellom anna eit kakestykke den dagen eg flytta inn, som inneheldt vatn, mjølk og olivenolje og en del andre ingrediensar som eg ikkje forstod.

Bustaden er heilt ok. Fin, grei, og veldig spansk er dei adjektiva eg har fått høyre om krypinnet, med unntak frå Trude som uttalte at det var stygt. Men det store problemet er at det ikkje er internett/telefonlinje her. Og om vi skal ha det må ein underteikne ei 18-månaders kontrakt. Imidlertid er mogleg å gjere som mamma på hytta, nemleg å koble til internett gjennom ein USB-stick som ein pluggar inn i datamaskina (liknar på ein minnepinne). Problemet er at det er svært dårlig mobildekning på rommet mitt, samt på kjøkkenet og på stova. Eg klarer å sende og motta sms, og om eg legg mobilen på puta klarer eg stort sett å ringe og motta samtaler. Så førebels ser det ut som at eg må klare meg utan internett i heimen. Det flotte med det er at då får eg faktisk gjort noko på kveldane, men til gjengjeld vert det kanskje gjort mindre når eg er på skulen, der det er nett.

Når det er snakk om spansk høgkultur er ofte tyrefekting noko som blir trukket fram. Eg har fått oppleve hendinga frå tilskodarplass, og for meg var det meir enn nok å sjå det ein gong. Under denne blodige affæra vart totalt 6 oksar brutalt slakta ned. Seansen var identisk ved kvar okse. Først var det 3 banderillos som tirra opp oksen. Deretter var det kvar sin gong for desse å leggje frå seg kappa si og vidare springe ut i manesjen å setje eit lite spyd/banderilla i oksen. Dette klarte dei utan å bli stanga ned av oksen. Spydet er konstruert slik at det vil henge fast i oksen og vi kunne observere at blodet rant ned frå ryggen på stakkaren.

Det neste på programmet var nokre hestar med beskyttelse rundt seg og ryttarar/picadores med spyd som inntok ringen. Desse stakk spydet nokre gongar i ryggen på oksen, og eg såg ikkje heilt poenget med dette. Eigentleg tok eg ikkje poenget med heile tyrefektinga, men når det kjem til kultur er det i grunnen mykje eg ikkje forstår.

Til slutt var det tyrefektaren sin tur å bruke kappa si. Han stod på både på føter og kne og var farlig nær oksen ved fleire høve. Og utan vidare forvarsel satte han plutseleg eit sverd i ryggen på oksen. Deretter kom ein banderillo på bana igjen for å ta ut igjen sverdet. Denne seansen med å stikke sverdet inn i oksen og etterpå ta det ut igjen heldt fram heilt til oksen la seg ned på kne og ikkje klarte meir. På eit av dyra kom det og blod ut av munnen på dette tidspunktet. Då oksen hadde inntatt denne stillinga var det ein banderillo som fekk æra å stikke en liten kniv i hovudet på oksen og røre godt rundt så det omsider vart slutt på lidinga.

I løpet av desse to timane var det stor stemning med born og vaksne som klappa og ropte. Ved nokre høve vinka store delar av publikum med kvite papirtørkle og serviettar, og det betydde at tyrefektaren hadde vore flink og at han då kunne få eit eller begge av øyrene til oksen som premie.

Det er alltid ein kirurg som er ekspert på stikkskadar tilstade i bakgrunnen ved tyrefekting. For det går visst fort ei nyre når tyrefektarane skal vere så nærgåande, og i tillegg har det vore dødsfall. Men det set ikkje ein stoppar for denne gladiatorprega slosskampen, og spesielt her i Andalucía-regionen sør i landet er tyrefekting populært. I nord er spanjolane meir ambivalente, og dei siste åra har motstanden auka. Ifølge dyrevernorganisasjonen NOAH var Barcelona i 2008 den første spanske byen som fekk gjennom eit forbod mot tyrefekting. Men om dette forbodet spreier seg sørover får tida vise.


Eg har også byrja på Universitetet denne veka. Der var mange nye impulsar og eg har gjort med nokre tankar om studentlivet i Spania, men no har eg skreve så mykje at vi får ta det igjen seinare. Og neste helg kjem ein norsk delegasjon nedover. Følg med i neste episode.



4 kommentarer:

Husdraumen/Anita sa...

Kjekt med bilder:)
Ikkje enig med Trude, ho har ikkje sett noko enno dersom ho synest dette var stygt...;D

Klemma frå Mats og mamma'n

Unknown sa...

El apartamento se veía bien. MNE estúpido no hay internet hay. Vacaciones aquí es hacia el final por lo que ahora es volver a la escuela.

Espero que sea un poco oxidado mi español es comprensible

Nils Rune

Anonym sa...

Mamma.vi er snart klar til avreise, pass på at varmen er stabilt nærare 30 grader er ok :)Vi gler oss til å sjå kor du har det.

Anonym sa...

Hei igjen....ej e helder ikkje einig med Trude...synest leiligheta både va fin og rein:-) ditta okse styret he ikkje ej helder sansen for...dyreplaging...
ellers går dagane fort her oppe me...Morten e so heldig at han he valges kvaler nor det gjelder jobbtilbud....vert vel bestemt i dag kar han enda...og så he han begynt å leite sej etter bil...e litt styr med å komme sej til og frå jobb for oss begge med berre en bil...
I dag skinn sola og det e -1 gr no..(8.45) nydelig haustdag...
ha det fint vidare
klem tante R