søndag 8. november 2009


Bursdagsgåve frå Sunniva (gensarar og sjokolade), bursdagsgåva frå Trude kom diverre ikkje med på bilete (godteri og kort), ei gåva frå mamma og pappa eller frå Besta Nanna




Golf på Camposol



No er det så lenge sida eg har publisert noko nytt her på bloggen at det kanskje ikkje er så mange lesarar att. Forhåpentligvis er den harde kjerne enno innom og følger med. Det har skjedd mykje sidan sist. Semesteret er godt i gang og i dei ulike faga er det varierande kor lett det er å forstå læraren og opplegget. Framleis går mykje meg hus forbi, men i og med at det ikkje er eksamen før i februar har eg ein god følelse, om eg skal sitere mora mi dei gongane ho siterar Harald frå Senkveld. Fagopplegget og organiseringa er også framand for ein norsk student. I staden for store auditorium med fleire hundre menneske og ein monolog frå forelesar, er stoda ei anna her. Her er det små klasser og det er ikkje uvanleg at læraren bed om å få ein liten lapp med namn og bilete av studentane. I tillegg krev læraren mykje meir muntleg aktivitet og innleveringar gjennom semesteret. Likevel vil eg påstå at nivået er noko lågare, noko som passar meg bra som er mest interessert i å lære spansk. Mellom anna seier en del av lærarane at det ikkje er nødvendig å kjøpe boka i kurset, det held å kjøpe forelesningsnotatane, samt bruke eigne notatar. Noko som gjer at pensumet blir mykje mindre og ein går ikkje i djupna på samme måten.

Noko eg likar her nede er matkulturen. Eg tenkjer då ikkje på at maten smakar, noko den forøvrig gjer, men korleis inntaket av mat foregår. Her er nemleg vanleg å ete lunsj kl 14 30, og då er kantina full av spanjolar. Og då er det ikkje snakk om tørre norske brødskiver med ein svett ost til. Nei, då snakkar vi varm og god mat. Kjøtt,fisk og ymse. Og dette er ikkje middag. Dette er lunsj, middag er klokka 22 for spanjolar. Dette betyr altså at ein et to store varme måltid pr dag, i staden for ein lett norsk kveldsmat. Sjølv om to varme måltid kanskje ikkje er ein innartiar for klimaet, er det heilt vanleg her nede på kontinentet, og eg synest det er hivens. I tillegg kostar det ikkje meir enn 4 euro (rett nok studentpris, men ein treng ikkje vise studentbevis) for ein tre rettars lunsj med drikke i studentkantina. Då får ein litt brød, ein varm rett, ei flaske vatn og dessert.

Tidleg i oktober hadde eg stort besøk av ein norsk delegasjon, beståande av mine foreldre, tante Bente og onkel Ole og Marit og Oddvar Olsen. Dei budde på Casa Banco på Camposol, som ligg utanfor Mazzaròn i «fylket» Murcia. Dei bada i luksus på bankhuset med badebasseng og strålande temperaturar. Foreldra mine kom på besøk til Granada på søndag, og dei spanderte den dyraste biffen vi klarte å oppdrive. Dei brukte tre og ein halv time med leigebilen før dei kom til Granada, men på tilbaketuren brukte vi kun to timar og ti minutt, etter at vi hadde funne den rette motorvegen vel å merke. Vi var samde om at skiltinga ikkje var like god som i Noreg, men at vegane var av svært høg klasse.

Det heile kuliminerte i at eg måtte ta til takke med å ta buss, noko som var heilt greitt og forøvrig mitt eige forslag. Bussane her nede held høg standard, men det lønner seg å kjøpe billett før ein stig på. Eg fekk smerteleg oppleve at bussen plutseleg vart full, alle andre passajerane hadde vore på billettautomaten og kjøpt billett på førehand, og eg måtte vente nokre timar på neste buss. ALSA er nemleg ikkje som Norway bussexpress, som har plassgaranti. Sånn sett er det ikkje berre spanske gloser eg må lære, men og kultur og koder.

På Casa Banco var det svært kjekt å nyte nokre dagar i godt lag. Det var ein stor overgang å kome frå mitt spartanske studentkollektiv i byen med vindu og altan inn mot ein bakgard, til dette flotte palasset som Sparebank1 Volda Ørsta har investert i. Her var svømmebasseng, internett, uteområde og veranda. Ein av dagane tok vi på oss kvitsnippane og gjekk opp på golfbana og slo nokre enkle slag. Vi stod på driving rangen og der stod vi saman med nokre andre pensjonistar og klinka til. Rett før eg skulle komme med ein litt spydig kommentar av relativ mild karakter i høve den utviste etikketten frå nokre av våre medgolfarar, byrja desse plutseleg å snakke norsk til oss. Det viste seg at desse 68-arane frå Bergen nettopp hadde kjøpt seg eit vinterhus i området og dei var blitt beten av golfbasillen. I Granada har eg så langt møtt ein nordmann, men på Camposol florerar det visstnok av dette folkeslaget, samt mykje engelskmenn.

Denne historia bringar med vidare til det eg har gjort siste veka. Eg har nemleg vore ei veke i Bergen. Og dette eldre golfekteparet møtte eg tilfeldigvis att på flyet til Bergen. Verda er lita. Dei skulle då ein tur heim til hytta på Meland, og vi var samde i at dei åtte varmegradene som møtte oss på Flesland var ein alvorleg frisk pust i anletet. Desse hyggelege og kjøpesterke golfarane minnar meg på ein artikkel eg nyleg las i Aftenposten som avslutta med følgande paradoks: Kanskje er det dei svært statsvennlege 68-arane, også kjent som den komande eldrebølga, som framover kjem til å opne opp for og vidare forbruke private helsetjenester i stor skala med si enorme kjøpekraft?

I Bergen har eg besøkt Sunniva og eg har avlagt ein eksamen. I tillegg kan det vere verdt å nemne at eg har overlevert 6 pakkar med kvite Oreo-kjeks, konjakk til far og hudkrem til tante Randi til Anita, som var på jentetur til byen mellom dei sju fjell utan fadderbarnet mitt. Den relativt nybakte mora spanderte også dyr kaffi på meg og Sunniva på ein sjarmerande to-etasjers kafè like ved den blå steinen. På eksamen var det svært mykje å gjere og enkelte delar oppfatta eg som hysterisk vanskeleg. Men eg kom meg gjennom, bortsett frå at eg måtte svare blankt på 12,5 % av eksamenen, pga den nevnte tida og også pga mine manglande evner. Men eg har trua, og ein skal ikkje selge skinnet før bjørnen er skutt, som også er eit identisk ordtak på spansk. Gjennomsnittstemperaturen i Bergen denne veka har vore på rundt 4 - 5 grader, og i byrjinga synest eg det var friskt og godt. På slutten av opphaldet når halsen min streika, tenkte eg med glede tilbake på varmare strøk. Og i går når eg landa i Malaga og fekk 22 grader slått i anletet, forsvann min såre hals nesten umiddelbart.

Til slutt har eg lyst å dele nokre av tankane eg har gjort meg om lokalbussane her nede. Eg bur 45 min gange, inkludert ein bratt oppoverbakke, ifrå økonomisk fakulitet. Noko som betyr at eg føretrekk å ta buss til skule, og heller av og til spasere heim. Problemet er at bussane alltid er smekkfulle. Og bussopplegget er tillaga for det. Fordi det er nemleg svært få sitteplassar på bussane, og svært mange ståplassar. På dei store trekkspelbussane står det at kapasiteten er 22 sitteplassar, og 90 plassar totalt. Det er altså mange enkeltsitteplassar og mykje ledig rom på bussen. Det betyr at det kan gå relativt færre bussar og at desse i staden kan fyllast godt opp. Eg synest det er svært ubehageleg og alltid måtte stå som sild i tønner på bussen, uavhengig om la gripe A (svineinfluensaen) herjar eller ikkje. Reint bedriftsøkonomisk er det svært lønnsamt, med færre bussar og bussjåførar, men eg håpar at det aldri kjem slike bussar til Bergen, sjølv om det ofte der også er svært fullt på bussen.

Paradokset er nemleg at med tanke på bussjåførbemanning skal spanjolane spare på ressursane og vere mest mogleg effektive, men på alle restaurantar og butikkar er det VM i å tilsette mest mogleg ineffektiv arbeidskraft. På supermercadoen er det bemanna brøddisk, fiskedisk, ostedisk, og fleire kjøttdiskar. I tillegg skal ofte kassadama absolutt pakke ned varene mine. I studentkantina i Bergen er det nokre få som arbeidar og det er ofte same person som serverar mat og tek betaling. Stor grad av sjølvbetjening, kanskje pga dyr arbeidskraft, og eg synest det er heilt flott. Men i studentkantina på universitetet er det ein som tek betaling, samt ein flokk kelnarar som svirrar rundt og serverar. Og når det er fleire ulike rettar og du ikkje treng å rydde opp etter deg sjølv, då trengst det plutseleg mange kelnarar. På den andre sida er systemet kanskje logisk, med tanke på kor høg arbeidsløysa er her nede.

6 kommentarer:

Anonym sa...

takk for sist, det var kjekt å sjå kor du budde og å vere ilag med deg. mamma og pappa

Husdraumen/Anita sa...

møtte ikkje du mej i bergen?
står ikkje nemt med eit ord....!;)

Unknown sa...

det er godt å få fotobevis på kva sparebank1 volda ørsta brukar rentepengane sine på. Regnar med at golfbana tilhøyrer huset. Sidan du jobbar i banken henning så er vel huset disponibelt for deg og dine gode vennar (j.f. meg)?

Henning sa...

Eg noterar meg kor raske folk er å kommentere. Det er som å sjå Sponheim i media etter eit kontroversielt utspel frå venstresida.

Eg stiller meg uforståande til kommentaren din Anita. Med så mykje tekst er det fort gjort at noko går ein hus forbi, så eg anbefalar å skumme gjennom teksta ein gong til.

Når det gjeld Nils sin kommentar angåande bruksretten til Casa Banco tvilar eg på at eg har nok ansiennitet og skjegg til å få lov å disponere huset.

Anonym sa...

Er det meir du har redigert, slik att eg må lese det ein gong til ?
mvh pappa

Anonym sa...

Det skadar aldri aa lese teksta fleire gongar