søndag 7. mars 2010


UTVEKSLING
TIL
UNIVERSIDAD DE GRANADA

haust 2009


Praktisk informasjon:


Språkskule
Det er fleire ulike språkskular i Granada. Eg valte å gå på Don Quijote og var veldig nøgd med den. Eg bestilte opphaldet gjennom ein norsk agent (http://www.sprakreisebyraet.no/) og synst det var heilt topp å få informasjon og spørje om praktiske ting på norsk, sjølv om ein sikkert kan spare noko på å gå direkte gjennom Don Quijote. I og med at semesteret ikkje byrja før 28. september, nytta eg like godt høvet og bestilte eit 7-vekers språkkurs inkludert bustad før semesterstart. Då fekk eg mykje tid til både å friske opp språkkunnskapar, samt finne ein plass å bu.

Don Quijote er ein stor språkskule i Granada og har meget dyktige lærekrefter. I tillegg er det sosialt, og ein kan delta på utflukter til m.a. Sevilla og Marokko. For å få språkstipend frå Lånekassa må ein delta på eit kurs på minimum 15 timar i veka i minimum 4 veker. Eg valte intensivkurs med 20 timar grammatikk i veka, inkludert 5 timar kulturundervising. Kulturundervisinga utgjorde at læraren fortalde om ulike spanske emne som til dømes Gaudi, Allende, Cervantes m.m.


Bustad

Det å finne ein plass å bu er kanskje den mest frustrerande delen av opphaldet. Men dette er alltid noko som ordnar seg og eg takka ja til ein bustad allereie etter den fjerde visninga. På telefonstolpar og oppslagstavler overalt i byen er det mange som søker etter studentar til kollektivet sitt, og det å ringe rundt og gå på visningar vil etter kvart bære frukter.
Standarden er noko lågare enn kva vi er vant med i Noreg, det vil seie at ein ofte må sjå langt etter fasilitetar som røykvarslarar, ventilasjon, varmekablar, spottar i taket og oppvaskmaskin, samt godt isolerte hus. Eg budde med to franske studentar i sentrum og var fornøgd med det. Og husleiga på knappe 200 euro i månaden var noko eg fort lærte meg å leve med. Denne bustaden hadde ikkje sentralvarme (calefacción), men nokre varmeomnar gjorde susen om vinteren.


Trening
Eg kjøpte meg treningskort på O2 Wellness Center like ved Centro Comercial Neptuno og likte meg godt der. Her er det symjebasseng både inne og ute, badestamp, fleire varmebasseng og sauna, samt utallige treningsapparat og vekter i andre etasje. Det er norsk pris på luksusen, og det får difor stå som eit ope spørsmål om det er verdt å betale 68 euro i månaden for dette, eller i staden å gå på eit av dei mange andre billegare treningssenterane.


Klima
Klimaet i Granada er svært behageleg stort sett heile året. I august/september kan det vere litt for varmt for ein nordmann med temperaturar på opp mot 40 grader. Månedane oktober/november er milde og kan samanliknast med ein god norsk sommar. Desember/januar/februar er generelt som ein norsk haust, men det vert noko kaldare om kvelden når sola forsvinn og det kan og vere minusgrader om natta. Men når ein har sol og blå himmel stort sett heile året gjer det ikkje så mykje at det er noko kaldare når vinteren set inn.


Mobil
Eg kjøpte meg eit spansk simkort frå Yoigo, og då mottek ein samtalar frå Noreg gratis (ingen roamingkostnadar). Ein treng berre å ta med ein kopi av passet og gå i ein av dei utallige telefonforretningane for å ordne dette.



Faglege aktivitetar:


Eg tok fem fag à 6 ECTS (studiepoeng). Totalsummen vart då 30 studiepoeng, som er kravet for at NHH og Lånekassa skal rekne deg som ein fulltidsstudent.


14011H7: Contabilidad de Gestión (6 ECTS)

Dette faget som direkte oversatt til norsk blir noko som Ledelsesrekneskap eller Forvaltingsrekneskap, er godkjent som BED040 og anbefalast visst ein enno ikkje har tatt dette på NHH. Dette er eit valfag for spanjolar på linja LADE og det er eit ganske greitt fag å følge gjennom semesteret. Det er to ulike forelesarar og eg valgte å gå i timane til Dra.Pilar Ibarronda Dàvila fordi det var på føremiddagane.

Det var ikkje mange utvekslingsstudentar som tok dette kurset, men til gjengjeld var forelesar svært hjelpsam og spurte meg fleire gongar korleis det gjekk med både språket og faget, samt med å få tilgang til nettsidene (http://swad.ugr.es/) til kurset. Pensumet var ei lita oppgåvebok som ein kunne kjøpe i kompendieutsalget. Nokre av oppgåvene i boka hadde løsningsforslag, medan resten av oppgåvene vart gjennomgått i timen.

Eksamen var delt i to. Først var det ein teoretisk bit på 25 minutt med 5 korte spørsmål. Når ein så hadde levert inn denne fekk ein utlevert den praktiske delen på 90 minutt. Denne bestod av 3 rekneoppgåver.


14011G8: Comercio Exterior (6 ECTS)

Dette faget som kan oversettast til Utanrikshandel, samt Econometría-1 og Economía Mundial, fekk eg godkjent som to VOA-fag. Det er to forelesarar i dette kurset og eg valgte å følge forelesingane til Yolanda García Rodríguez. Faget kan anbefalst om ein likar samfunnsøkonomi, medan forelesar ikkje er å anbefale. Yolanda har ikkje eit ope sinn og er lite mottakeleg for spørsmål av både fagleg og praktisk karakter. Difor er det betre å gå i timane til den andre forelesaren, Molinda, om ein skal tru tidlegare rapportar frå Granada.

Undervisningsforma er heller ikkje optimal i dette kurset for ein utvekslingsstudent. Grunnen til dette er at det ikkje er tavleundervising, men i staden er undervisinga lagt opp som ein detaljorientert diskusjon/leksehøyring av studentane i kvar einaste time. Til og med hos dei språkflinke utvekslingsstudentane vart det særs vanskeleg å henge med i svingane på dette opplegget. Ein av grunnane til dette var fordi Yolanda prata fort og utydeleg, sjølv om dette var barnemat i forhold til gatespråket, samt mumlinga frå usikre spanjolar som vart kryssforhøyrd.

Heldigvis velger ein i starten av semesteret om ein vil vere med på denne grillinga (kontinuerleg vurdering) eller ikkje (kun eksamen). Nokre av utvekslingsstudentane prøvde seg på det førstnevnte, men desse kasta etterkvart inn handkleet og gjorde om til og kun ta eksamen i februar. Ved å velge kontinuerleg vurdering kan ein samle poeng gjennom semesteret, som ved den nevnte leksehøyringa og også gjennom innleveringsoppgåver, og ein treng ikkje like mange poeng for å stå på eksamen. Pensum er relativt stort, men det er i grunnen greitt lesestoff.

Faget i seg sjølv er ganske interessant. Det tek for seg både den historiske utviklinga av verdshandelen heilt tilbake frå kolonitida til i dag, samt ny og gamal handelsteori som Victor Norman er glad i å prate om. I tillegg er det lagt mykje vekt på det empiriske i form av drøfting av internasjonale handelsavtalar og konvensjonar som til dømes GATT-avtalen og WTO-rundene, samt handelsutfordringar i eit samtidsperspektiv. Det mindre artige i faget er det reint tekniske knytta til verdshandel.

Eksamen var på 2 timar og bestod av svært mange korte spørsmål kor det var lagt opp til å svare med maks 6 – 7 setningar. I tillegg var det nokre definisjonar som måtte forklarast, nokre rekneoppgåver knytta til appresiering/depresiering av valutaer, samt nokre avkryssingsspørsmål (Multiple Choice).


1391131: Econometría-1 (6 ECTS)

Dette faget var eg meget nøgd med og eg følgde forelesingane til Dr. José Miguel Herrerías Velasco, som prata sakte og forståeleg, samt var kledd i ein kvit legefrakk på forelesingane av uante grunner. På den eine sida var dette mitt lettaste fag i og med at ein ikkje treng mykje spanskkunnskapar for å følge med, men samtidig kan ein seie at det og var det vanskelegaste på grunn av at det rett og slett var økonometri. Faget utgjorde ein stor og grundig dekning av matriserekning i starten før ein gjekk rett på estimering og vurdering av egenskapar til modellar med ein eller fleire ukjente. Faget vart av mange oppfatta som vanskeleg, og det gjorde ikkje saka betre at oppgåvene som forelesar la ut på nettsidene ikkje inneheldt løsningsforslag, kun fasit.

I stort sett alle faga eg tok her nede var det oppgitt ei stor og uoversiktleg litteraturliste. Dette faget var ikkje noko unntak, og pensumet bestod av ei liste med 6 ulike bøker, samt like mange bøker under kategorien støttelitteratur. Men i og med at det ikkje var gitt direkte referanser eller kapittelhenvisingar til bøkene var det ikkje enkelt å setje seg ned å lese teori til det ein ikkje forstod. Og i dette faget følte eg at det ikkje var nok å støtte seg på forelesingsnotatane mine, sjølv om eg skreiv ned rubbel og bit frå tavla. Spanjolane brukar i grunnen stort sett berre forelesingsnotar i staden for bøker. Difor var eg nødt til å ta turen til biblioteket. Der vart eg sittande og grave meg ned i ulike økonometribøker som ein hobbyforskar, og det var vanskeleg, frustrerande og tok mykje tid.

I samband med dette kan eg anbefale deler av mursteinen «Basic Econometrics» av Gujarati (1992) som dekker ein god del av pensum i dette kurset. I tillegg var det ei god og pedagogisk bok å bruke. Denne boka ligg også føre på spansk, Econometría, så ein kan då velge kva språk ein vil lese på. Kapittel 1 – 9 tek grundig for seg regresjon med ein eller fleire ukjente. I tillegg er det i andre del av boka ulike kapittel som litt for grundig, med tanke på dette kurset, drøftar det som handlar om heteroskedastisitet, multikorrelasjon og autokorrelasjon.

Konklusjonen får bli at om ein vil ha ei ikkje-språkleg utfordring og er glad i matematikk og statistikk, er dette faget vegen å gå. Eg vil også tru at det er eit svært relevant fag om ein ser for seg ei mastergrad innanfor økonomisk analyse, samfunnsøkonomi eller finans.

Eksamen var på 2 timar og bestod av ein praktisk og ein teoretisk del. Den praktiske delen gjekk ut på å estimere ein regresjonsmodell og vidare analysere den ved hjelp av ulike statistiske fordelingar og formlar. Den teoretiske delen utgjorde bevis av eit teorem og matematiske drøftingar av egenskapar til formlar og modellar. Eg oppfatta den
teoretiske biten som vanskelegare enn den praktiske.


1391121: Economía Mundial (6 ECTS)

Economía Mundial kan oversettast til Verdsøkonomi og eg følgde forelesingane til Dr. Francisco Javier Sáez. Dette var den dyktigaste forelesaren eg hadde dette semesteret. Vedkommande var svært lett forstå, også i starten av semesteret då spanskkunnskapane ikkje var av eit stort format. I tillegg til å prate sakte og pedagogisk, var han også alltid på jakt etter å skape interaktivitet i klasserommet og han hadde stor respekt for studentane i form av mykje humør og gjennom sin joviale karakter. Om eg skal balansere mine positive vendingar med noko negativt må det vere at vedkommande alltid gjekk i ein aldrande dress med ei altfor stor dressjakke.

Faget var utruleg interessant og studentane satt som lys i timane. Faget kan kategoriserast som eit samfunnsøkonomifag og hadde nokre fellestrekk med Comercio Exterior, blant anna litt av handelsteorien og det som handla om finans i form av til dømes renteparitet. Likevel var fokuset noko heilt anna enn utanrikshandel som i Comercio Exterior.

I dette faget tok ein først for seg den historiske framveksta av samfunnsøkonomisk tenking. Vidare vart den nyare intenasjonale økonomiske historia drøfta, frå krakket i New York i 1929, til Bretton Woods i 1944, til oljekrisa i 1973 og fram til verknadane av finanskrisa i dagens Spania. I denne sammenheng vart det sett nærmare på institusjonen EU og EU si historie, samt valutasamarbeid og tidlegare montær tenking som til dømes gullstandarden.

Eksamen var på 90 minutt og bestod av 3 teoretiske og eit praktisk spørsmål. Det praktiske spørsmålet gjekk ut på å rekne ut nokre koeffisientar om eksport og import knytta til nasjonalproduktet. Dei teoretiske spørsmåla var vinkla opp mot emner som tollteori, samanbruddet av Bretton Woods og økonomisk integrasjon med EU som bakteppe.


Spansk valgfag/ Curso de Español para Erasmus ved CLM (6 ECTS)

Dette kurset på 6 timar i veka blir undervist på Centro de Lenguas Modernas (CLM) som ligg i bydelen Realejo og vil bli godkjent som eit allment valfag på NHH. Min forelesar, Fermín, var hyggeleg og dyktig, men han var ikkje særleg opptatt av å registrere at vi møtte på 80 % av forelesingane som var kravet.

Nytt av året er at det no kostar pengar å ta dette kurset. Det vil seie at det kostar 100 euro om du er på nivå 5 eller lågare, og motsatt kostar det 320 euro om du er på nivå 6 eller høgare. Skalaen går frå 1 – 9. Forelesaren sa at denne nye kostnaden var pga finanskrisa, så eg er usikker på om dette vert ei varig endring. Immatrikuleringsprøva tek du på økonomisk fakulitet tidleg i semesteret, og eg var så heldig, reint økonomisk i alle fall, at eg vart plassert på nivå 5. Eksamen er før jul og kan ikkje klassifiserast som særleg vanskeleg eller arbeidsam.



Utanomfaglege aktivitetar:


Sierra Nevada

Ein kan sjå Sierra Nevada frå byen og ein tur opp i fjellområda er å anbefale. Om vinteren er det mogleg å stå på ski og om sommaren kan ein bestige Mulhacèn (3479 moh) som er den høgaste fjelltoppen på den iberiske halvøy. Mulhacén er relativt lett tilgjengeleg i forhold til norske høge fjelltoppar med grusveg nesten heilt til topps.

Er du gira på padlesport er det mogleg å padle kano på det kunstige vatnet Embalse de Canales (958 moh). Landskapet omkring kan ta pusten frå sjølv ein fjellvant nordmann og temperaturen på denne høgda er langt frå kjølig. Vi var ein gjeng frå Don Quijote som gjorde dette i september og dette var svært artig i mine auger.

Om du er interessert i ein padletur i fjellet kan du ta kontakt med Maria som arbeider på studentheimen (Residencía de estudiantes) til Don Quijote. Eg veit ikkje den sivile statusen, men ho har i alle fall eit godt auge til Avturo som arrangerar desse padleutfluktene, og ho kan ordne med padling. Embalse de Canales er dessutan også drikkevatnet til Granada, men det er likevel fullt lovleg å padle i dette vatnet. Det blir heller ikkje mislikt om ein tek seg ein symjetur.


Tyrefekting

Den grufulle og erkespanske tyrefektinga er noko som kan vere kjekt å få med seg når ein først er i Spania. Sesongen går frå tidleg sommar til og med oktober, og ein kan kjøpe billettar i ei luke på Plaza de Toros nokre dagar i forvegen. Vi kjøpte billege billettar heilt øvst i arenaen for å observere seansen på god avstand, men likevel gjorde det såpass sterkt inntrykk at eg ikkje reiste attende fleire gongar.


Arabisk bad
Granada er ein gammal arabisk by og spora av dette kan ein finne att mange plassar i byen, m.a. i form av den verdskjende borga Alhambra og gamlebyen Albaicín. Det å trave gjennom dei trange gatene med ulike teppebutikkar som bakteppe er ein måte å observere den eldgamle kulturen på, men ein langt meir behageleg måte å gjere dette på er å ta eit arabisk bad. Det er to badehus i byen, Hammams de Al Andalus ved Plaza Nuevo og Aljibe de San Miguel ved Plaza Trinidad. Eg har vore på begge, og mi subjektive meining er at det førstnevnte badet er noko meir autentisk.

Opplegget er at ein fritt går mellom ulike små basseng med høvesvis iskaldt, varmt og glovarmt vatn. Og om ikkje det er godt nok for å tine opp ein kald nordmann, så er det i tillegg 15 min med massasje, samt god arabisk te etterpå. Badet og området rundt er veldig gjennomført med flotte søyler, arkitektur, historie, arabisk musikk og røykelse.


Har du spørsmål, ta gjerne kontakt
Lukke til med opphaldet i Granada






http://www.nhh.no/Admin/Public/Download.aspx?file=Files%2fFiles%2fstudentsider%2futveksling%2fGranada_H09.pdf

Heile rapporten i pdf-versjon, inkludert eit bilete, sjå denne lekkja:

http://nhh.no/Admin/Public/Download.aspx?File=%2fFiles%2fFiler%2fstudentsider%2futveksling%2fGranada_H09.pdf

Ingen kommentarer: