mandag 14. desember 2009

Eg har lyst å skrive litt om ulike kultursjokk eg har møtt på her nede. Eg er usikker på kva eg har nemnt før, det har omsider blitt mykje tekst her, men eg får håpe eg ikkje sit og repiterar meg i det vide og breidde. Noko som eg omsider har blitt vant med er heile tida å handhelse på folk. Når ein møter folk, kjende eller ukjende, så er det med ein gong fram med labben. Men ikkje når ein støtar på det motsatte kjønn. Då er det vanleg med eit kyss på kvart kinn. Eg har observert menn som helsar på kvarandre på denne måten, men eg trur ikkje det kan karaktriserast som vanleg. For ein nordmann er det litt rart å gi to kyss på kinnet til ein person du aldri har sett før, men eg trur eg skal overleve.

Når det gjeld høflegheitsfraser, er det også reine språklege forskjellar. I Norge må vi tilbake til klipp frå Filmavisen og gamle dagar før ein kan høre noko som pratar med kvarandre i tredje person, medan her kan du observere slik språkbruk m.a. mellom forelesar og student, når ein pratar med telefonselgarar, når nokon ropar at busssjåføren må opne døra og generelt når ein pratar med framande. Eg har og hørt at ein helst bør tiltale polititenestemenn i De-form. Men eg har ikkje funne noko systematikk i dette, for ofte blir eg tiltalt av framande menneske i du-form. Derfor har eg gjort meg nokre tankar om at det ikkje berre er i Noreg dette er på veg ut. Og det underbyggjar eg med ein film (La lengua de la mariposa) vi fekk sjå på språkskulen om tida rett før den spanske borgarkrigen (1936 -1939), der stort sett all dialog var i tredjeperson.

Mañana mañana-kulturen kan ein observere overalt her. Med det meinar eg at det er svært vanleg å komme litt forseint til avtalar og ymse. Folk stressar lite, noko som er uvant, for å komme til rett tid. Forelesar kjem stort sett uten unntak minst 10 – 15 min forseint kvar einaste dag. Og timane varer i 2 klokketimar i strekk utan pause. Stakkars storrøykjarane, tenkjer eg om desse lange slaga. Og røykjarar er det mange av her. Noko som ikkje er rart når det er så vanvittig mange barar/restaurantar og det ikkje er noko røykjeforbod som vi heldigvis har i Norge.

Utelivet er noko som også er ulikt frå gamlelandet. Her er det ikkje noko særlig folk på diskoteka før klokka i alle fall er to eller tre om natta. Så når folk vanlegvis tek kveld i Norge, er det då det startar her nede. Og nattklubbane stenger som regel klokka sju om morgonen. På fredag var eg på El Capital saman med ein gjeng, og for meg var det uvanleg å observere at diskoteket framleis var ganske fullt når klokka slo 06 00 og vi bestemte oss for å ta kveld.

Eg har tidlegare skreve om ineffektiv bruk av arbeidskraft, eg veit ikkje om det går innanfor kategorien kulturulikskapar, men no har eg i alle fall funne premieeksempelet. I studentkantina står nemleg ein av kelnarane bak disken og fyller ulike typar brus i glas. Eg har følgt med på han, og bortsett frå litt flytting av oppvask til og frå kjøkkenet, så er han er i grunnen sysselsatt heile tida med denne aktiviteten. Så eg har kome til at det skal ikkje meir til enn å snu brusautomaten 180 grader, slik at folk kan gjere dette sjølv imens dei ventar på mat, for å spare nesten eit årsverk. Elles har eg omsider gjort eit forsøk på å ete Paella i studentkantina. Tidlegare har eg smakt på Gazpacho (veldig tradisjonell kald kvitløksuppe), og eg kan konstantere at begge deler er interessant.

Når deg gjeld folk sitt inntrykk av Norge her nede er gjengangaren at folk er av oppfatning at det er veldig kaldt der oppe. I badstua på treningssenteret prata eg med ein spanjol om Norge (terskelen for dialog mellom framande er ikkje høg i badstua, sjølv om ein pratar gebrokkent og seint), og vi kom inn på at Norge har mykje olje og gass. Eg oppfatta ein smule misnøye i ordlyden då vedkommande uttrykte at vi har alt der oppe.

Ei anna noko liknande hending var på språkkurset då vi fekk ei grammatikkøving og skulle kommentere ulike påstandar. På påstanden om at media ikkje er nøytrale svarte eg at det ikkje er sant. Læraren, som heiter Fermin, svarte då lakonisk at dette var typisk norsk og at Norge er «de puta madre», som iflg ordlista er slang for knallbra. Fermin har undervist i spansk for utlendingar lenge og visste blant anna litt om våre generøse velferdsordningar, som bl.a. at vi har eit års fødselspermisjon. Så då eg bekrefta dette var det fleire som heva augebryna i klassa. I Spania og i mange andre europeiske land er det kun 5 eller 6 månedar fødselsperm, så norsk velferd er ikkje vanleg kost.

Om desse to hendingane er generaliserbare og at folk på kontinentet difor er bitre for at vi har fått så mykje energiressursar og også meinar at vi opptrer som om vi har verdens beste samfunn, er vel heller tvilsamt. Men det er i alle fall morosamt å høre kva tankar andre gjer seg om dette eksotiske og lite befolka landet i nord.

Som ein digresjon til slutt vil eg komme med ei personleg meining. Når kvinner her nede klarar seg med så lite fødselsperm, synest eg det er eit kjempeargument for å tvangsfordele fødselspermisjonen meir mellom mor og far i Norge. Sjølv om eg ikkje er sosialist er eg veldig for det radikale forslaget om 6 månedar til mor og 6 månedar til far. Både for å styrke forholdet til barn og far, men også for å unngå kjønnsdiskriminering i ansettingsprosessar (det er plutseleg ingen grunn til å favorisere menn, for dei vil då vere like lenge vekke frå jobb ved ein evt fødsel), og for å unngå lønnsforskjellar mellom kvinner og menn (nokre forskarar hevdar at lønnsgapet mellom kvinner og menn akselererar kraftig når kvinner er vekke eit heilt år).

No har eg ikkje tenkt å la denne bloggen bli eit forum for politiske ytringar, det er Spania og dagleglivet her nede som skal dokumenterast. Men visst eg klarar å stikke litt i nokon med avvikane meiningar er eg nøgd. Samstundes skriv eg for min eigen del, og har planar om å sitte å smile i skjegget når eg les dette om 10 år.

2 kommentarer:

Husdraumen/Anita sa...

Skjegg?!?! Det er vel berre å byrje å spare då;D
Snakk for deg sjølv om 50/50 permisjon. Det sa eg òg for eit år sidan. Men etter 11 mnd i den verkelege verda er eg absolutt ikkje enig lenger!
Norge har i tillegg til særdeles gode ordningar også vannvittig høg prosent av ammande mødrer. Spebarn skal i dag fullammast (utan annan mat) til dei er 6 mnd. Å jobbe i tillegg til å fullamme er STRESS (med store bokstavar) både for mor, far og barn. For ikkje å snakke om å amme om natta...
I tillegg er det anbefalt å amme heilt fram til barnet er eitt år, noko som ofte innebær amming natt/tidleg morgon.

Mann og kvinne ER ikkje like, og det blir difor heilt UNATURLEG å behandle dei heilt likt...

Jædda... få deg ein unge so skal vi diskutere det igjen då(!) Bård Vegard Solhjell snudde nemleg i sitt syn etter at han blei far.

Håpe ej klarte å diskutere me dej på en faglig og korrekt måte
Koz og klemz frå Anita og Mats

Anonym sa...

Hei, flott innlegg
ser at vi kan få mange kjekke diskusjonar til juleferien :)mamma