søndag 7. mars 2010


UTVEKSLING
TIL
UNIVERSIDAD DE GRANADA

haust 2009


Praktisk informasjon:


Språkskule
Det er fleire ulike språkskular i Granada. Eg valte å gå på Don Quijote og var veldig nøgd med den. Eg bestilte opphaldet gjennom ein norsk agent (http://www.sprakreisebyraet.no/) og synst det var heilt topp å få informasjon og spørje om praktiske ting på norsk, sjølv om ein sikkert kan spare noko på å gå direkte gjennom Don Quijote. I og med at semesteret ikkje byrja før 28. september, nytta eg like godt høvet og bestilte eit 7-vekers språkkurs inkludert bustad før semesterstart. Då fekk eg mykje tid til både å friske opp språkkunnskapar, samt finne ein plass å bu.

Don Quijote er ein stor språkskule i Granada og har meget dyktige lærekrefter. I tillegg er det sosialt, og ein kan delta på utflukter til m.a. Sevilla og Marokko. For å få språkstipend frå Lånekassa må ein delta på eit kurs på minimum 15 timar i veka i minimum 4 veker. Eg valte intensivkurs med 20 timar grammatikk i veka, inkludert 5 timar kulturundervising. Kulturundervisinga utgjorde at læraren fortalde om ulike spanske emne som til dømes Gaudi, Allende, Cervantes m.m.


Bustad

Det å finne ein plass å bu er kanskje den mest frustrerande delen av opphaldet. Men dette er alltid noko som ordnar seg og eg takka ja til ein bustad allereie etter den fjerde visninga. På telefonstolpar og oppslagstavler overalt i byen er det mange som søker etter studentar til kollektivet sitt, og det å ringe rundt og gå på visningar vil etter kvart bære frukter.
Standarden er noko lågare enn kva vi er vant med i Noreg, det vil seie at ein ofte må sjå langt etter fasilitetar som røykvarslarar, ventilasjon, varmekablar, spottar i taket og oppvaskmaskin, samt godt isolerte hus. Eg budde med to franske studentar i sentrum og var fornøgd med det. Og husleiga på knappe 200 euro i månaden var noko eg fort lærte meg å leve med. Denne bustaden hadde ikkje sentralvarme (calefacción), men nokre varmeomnar gjorde susen om vinteren.


Trening
Eg kjøpte meg treningskort på O2 Wellness Center like ved Centro Comercial Neptuno og likte meg godt der. Her er det symjebasseng både inne og ute, badestamp, fleire varmebasseng og sauna, samt utallige treningsapparat og vekter i andre etasje. Det er norsk pris på luksusen, og det får difor stå som eit ope spørsmål om det er verdt å betale 68 euro i månaden for dette, eller i staden å gå på eit av dei mange andre billegare treningssenterane.


Klima
Klimaet i Granada er svært behageleg stort sett heile året. I august/september kan det vere litt for varmt for ein nordmann med temperaturar på opp mot 40 grader. Månedane oktober/november er milde og kan samanliknast med ein god norsk sommar. Desember/januar/februar er generelt som ein norsk haust, men det vert noko kaldare om kvelden når sola forsvinn og det kan og vere minusgrader om natta. Men når ein har sol og blå himmel stort sett heile året gjer det ikkje så mykje at det er noko kaldare når vinteren set inn.


Mobil
Eg kjøpte meg eit spansk simkort frå Yoigo, og då mottek ein samtalar frå Noreg gratis (ingen roamingkostnadar). Ein treng berre å ta med ein kopi av passet og gå i ein av dei utallige telefonforretningane for å ordne dette.



Faglege aktivitetar:


Eg tok fem fag à 6 ECTS (studiepoeng). Totalsummen vart då 30 studiepoeng, som er kravet for at NHH og Lånekassa skal rekne deg som ein fulltidsstudent.


14011H7: Contabilidad de Gestión (6 ECTS)

Dette faget som direkte oversatt til norsk blir noko som Ledelsesrekneskap eller Forvaltingsrekneskap, er godkjent som BED040 og anbefalast visst ein enno ikkje har tatt dette på NHH. Dette er eit valfag for spanjolar på linja LADE og det er eit ganske greitt fag å følge gjennom semesteret. Det er to ulike forelesarar og eg valgte å gå i timane til Dra.Pilar Ibarronda Dàvila fordi det var på føremiddagane.

Det var ikkje mange utvekslingsstudentar som tok dette kurset, men til gjengjeld var forelesar svært hjelpsam og spurte meg fleire gongar korleis det gjekk med både språket og faget, samt med å få tilgang til nettsidene (http://swad.ugr.es/) til kurset. Pensumet var ei lita oppgåvebok som ein kunne kjøpe i kompendieutsalget. Nokre av oppgåvene i boka hadde løsningsforslag, medan resten av oppgåvene vart gjennomgått i timen.

Eksamen var delt i to. Først var det ein teoretisk bit på 25 minutt med 5 korte spørsmål. Når ein så hadde levert inn denne fekk ein utlevert den praktiske delen på 90 minutt. Denne bestod av 3 rekneoppgåver.


14011G8: Comercio Exterior (6 ECTS)

Dette faget som kan oversettast til Utanrikshandel, samt Econometría-1 og Economía Mundial, fekk eg godkjent som to VOA-fag. Det er to forelesarar i dette kurset og eg valgte å følge forelesingane til Yolanda García Rodríguez. Faget kan anbefalst om ein likar samfunnsøkonomi, medan forelesar ikkje er å anbefale. Yolanda har ikkje eit ope sinn og er lite mottakeleg for spørsmål av både fagleg og praktisk karakter. Difor er det betre å gå i timane til den andre forelesaren, Molinda, om ein skal tru tidlegare rapportar frå Granada.

Undervisningsforma er heller ikkje optimal i dette kurset for ein utvekslingsstudent. Grunnen til dette er at det ikkje er tavleundervising, men i staden er undervisinga lagt opp som ein detaljorientert diskusjon/leksehøyring av studentane i kvar einaste time. Til og med hos dei språkflinke utvekslingsstudentane vart det særs vanskeleg å henge med i svingane på dette opplegget. Ein av grunnane til dette var fordi Yolanda prata fort og utydeleg, sjølv om dette var barnemat i forhold til gatespråket, samt mumlinga frå usikre spanjolar som vart kryssforhøyrd.

Heldigvis velger ein i starten av semesteret om ein vil vere med på denne grillinga (kontinuerleg vurdering) eller ikkje (kun eksamen). Nokre av utvekslingsstudentane prøvde seg på det førstnevnte, men desse kasta etterkvart inn handkleet og gjorde om til og kun ta eksamen i februar. Ved å velge kontinuerleg vurdering kan ein samle poeng gjennom semesteret, som ved den nevnte leksehøyringa og også gjennom innleveringsoppgåver, og ein treng ikkje like mange poeng for å stå på eksamen. Pensum er relativt stort, men det er i grunnen greitt lesestoff.

Faget i seg sjølv er ganske interessant. Det tek for seg både den historiske utviklinga av verdshandelen heilt tilbake frå kolonitida til i dag, samt ny og gamal handelsteori som Victor Norman er glad i å prate om. I tillegg er det lagt mykje vekt på det empiriske i form av drøfting av internasjonale handelsavtalar og konvensjonar som til dømes GATT-avtalen og WTO-rundene, samt handelsutfordringar i eit samtidsperspektiv. Det mindre artige i faget er det reint tekniske knytta til verdshandel.

Eksamen var på 2 timar og bestod av svært mange korte spørsmål kor det var lagt opp til å svare med maks 6 – 7 setningar. I tillegg var det nokre definisjonar som måtte forklarast, nokre rekneoppgåver knytta til appresiering/depresiering av valutaer, samt nokre avkryssingsspørsmål (Multiple Choice).


1391131: Econometría-1 (6 ECTS)

Dette faget var eg meget nøgd med og eg følgde forelesingane til Dr. José Miguel Herrerías Velasco, som prata sakte og forståeleg, samt var kledd i ein kvit legefrakk på forelesingane av uante grunner. På den eine sida var dette mitt lettaste fag i og med at ein ikkje treng mykje spanskkunnskapar for å følge med, men samtidig kan ein seie at det og var det vanskelegaste på grunn av at det rett og slett var økonometri. Faget utgjorde ein stor og grundig dekning av matriserekning i starten før ein gjekk rett på estimering og vurdering av egenskapar til modellar med ein eller fleire ukjente. Faget vart av mange oppfatta som vanskeleg, og det gjorde ikkje saka betre at oppgåvene som forelesar la ut på nettsidene ikkje inneheldt løsningsforslag, kun fasit.

I stort sett alle faga eg tok her nede var det oppgitt ei stor og uoversiktleg litteraturliste. Dette faget var ikkje noko unntak, og pensumet bestod av ei liste med 6 ulike bøker, samt like mange bøker under kategorien støttelitteratur. Men i og med at det ikkje var gitt direkte referanser eller kapittelhenvisingar til bøkene var det ikkje enkelt å setje seg ned å lese teori til det ein ikkje forstod. Og i dette faget følte eg at det ikkje var nok å støtte seg på forelesingsnotatane mine, sjølv om eg skreiv ned rubbel og bit frå tavla. Spanjolane brukar i grunnen stort sett berre forelesingsnotar i staden for bøker. Difor var eg nødt til å ta turen til biblioteket. Der vart eg sittande og grave meg ned i ulike økonometribøker som ein hobbyforskar, og det var vanskeleg, frustrerande og tok mykje tid.

I samband med dette kan eg anbefale deler av mursteinen «Basic Econometrics» av Gujarati (1992) som dekker ein god del av pensum i dette kurset. I tillegg var det ei god og pedagogisk bok å bruke. Denne boka ligg også føre på spansk, Econometría, så ein kan då velge kva språk ein vil lese på. Kapittel 1 – 9 tek grundig for seg regresjon med ein eller fleire ukjente. I tillegg er det i andre del av boka ulike kapittel som litt for grundig, med tanke på dette kurset, drøftar det som handlar om heteroskedastisitet, multikorrelasjon og autokorrelasjon.

Konklusjonen får bli at om ein vil ha ei ikkje-språkleg utfordring og er glad i matematikk og statistikk, er dette faget vegen å gå. Eg vil også tru at det er eit svært relevant fag om ein ser for seg ei mastergrad innanfor økonomisk analyse, samfunnsøkonomi eller finans.

Eksamen var på 2 timar og bestod av ein praktisk og ein teoretisk del. Den praktiske delen gjekk ut på å estimere ein regresjonsmodell og vidare analysere den ved hjelp av ulike statistiske fordelingar og formlar. Den teoretiske delen utgjorde bevis av eit teorem og matematiske drøftingar av egenskapar til formlar og modellar. Eg oppfatta den
teoretiske biten som vanskelegare enn den praktiske.


1391121: Economía Mundial (6 ECTS)

Economía Mundial kan oversettast til Verdsøkonomi og eg følgde forelesingane til Dr. Francisco Javier Sáez. Dette var den dyktigaste forelesaren eg hadde dette semesteret. Vedkommande var svært lett forstå, også i starten av semesteret då spanskkunnskapane ikkje var av eit stort format. I tillegg til å prate sakte og pedagogisk, var han også alltid på jakt etter å skape interaktivitet i klasserommet og han hadde stor respekt for studentane i form av mykje humør og gjennom sin joviale karakter. Om eg skal balansere mine positive vendingar med noko negativt må det vere at vedkommande alltid gjekk i ein aldrande dress med ei altfor stor dressjakke.

Faget var utruleg interessant og studentane satt som lys i timane. Faget kan kategoriserast som eit samfunnsøkonomifag og hadde nokre fellestrekk med Comercio Exterior, blant anna litt av handelsteorien og det som handla om finans i form av til dømes renteparitet. Likevel var fokuset noko heilt anna enn utanrikshandel som i Comercio Exterior.

I dette faget tok ein først for seg den historiske framveksta av samfunnsøkonomisk tenking. Vidare vart den nyare intenasjonale økonomiske historia drøfta, frå krakket i New York i 1929, til Bretton Woods i 1944, til oljekrisa i 1973 og fram til verknadane av finanskrisa i dagens Spania. I denne sammenheng vart det sett nærmare på institusjonen EU og EU si historie, samt valutasamarbeid og tidlegare montær tenking som til dømes gullstandarden.

Eksamen var på 90 minutt og bestod av 3 teoretiske og eit praktisk spørsmål. Det praktiske spørsmålet gjekk ut på å rekne ut nokre koeffisientar om eksport og import knytta til nasjonalproduktet. Dei teoretiske spørsmåla var vinkla opp mot emner som tollteori, samanbruddet av Bretton Woods og økonomisk integrasjon med EU som bakteppe.


Spansk valgfag/ Curso de Español para Erasmus ved CLM (6 ECTS)

Dette kurset på 6 timar i veka blir undervist på Centro de Lenguas Modernas (CLM) som ligg i bydelen Realejo og vil bli godkjent som eit allment valfag på NHH. Min forelesar, Fermín, var hyggeleg og dyktig, men han var ikkje særleg opptatt av å registrere at vi møtte på 80 % av forelesingane som var kravet.

Nytt av året er at det no kostar pengar å ta dette kurset. Det vil seie at det kostar 100 euro om du er på nivå 5 eller lågare, og motsatt kostar det 320 euro om du er på nivå 6 eller høgare. Skalaen går frå 1 – 9. Forelesaren sa at denne nye kostnaden var pga finanskrisa, så eg er usikker på om dette vert ei varig endring. Immatrikuleringsprøva tek du på økonomisk fakulitet tidleg i semesteret, og eg var så heldig, reint økonomisk i alle fall, at eg vart plassert på nivå 5. Eksamen er før jul og kan ikkje klassifiserast som særleg vanskeleg eller arbeidsam.



Utanomfaglege aktivitetar:


Sierra Nevada

Ein kan sjå Sierra Nevada frå byen og ein tur opp i fjellområda er å anbefale. Om vinteren er det mogleg å stå på ski og om sommaren kan ein bestige Mulhacèn (3479 moh) som er den høgaste fjelltoppen på den iberiske halvøy. Mulhacén er relativt lett tilgjengeleg i forhold til norske høge fjelltoppar med grusveg nesten heilt til topps.

Er du gira på padlesport er det mogleg å padle kano på det kunstige vatnet Embalse de Canales (958 moh). Landskapet omkring kan ta pusten frå sjølv ein fjellvant nordmann og temperaturen på denne høgda er langt frå kjølig. Vi var ein gjeng frå Don Quijote som gjorde dette i september og dette var svært artig i mine auger.

Om du er interessert i ein padletur i fjellet kan du ta kontakt med Maria som arbeider på studentheimen (Residencía de estudiantes) til Don Quijote. Eg veit ikkje den sivile statusen, men ho har i alle fall eit godt auge til Avturo som arrangerar desse padleutfluktene, og ho kan ordne med padling. Embalse de Canales er dessutan også drikkevatnet til Granada, men det er likevel fullt lovleg å padle i dette vatnet. Det blir heller ikkje mislikt om ein tek seg ein symjetur.


Tyrefekting

Den grufulle og erkespanske tyrefektinga er noko som kan vere kjekt å få med seg når ein først er i Spania. Sesongen går frå tidleg sommar til og med oktober, og ein kan kjøpe billettar i ei luke på Plaza de Toros nokre dagar i forvegen. Vi kjøpte billege billettar heilt øvst i arenaen for å observere seansen på god avstand, men likevel gjorde det såpass sterkt inntrykk at eg ikkje reiste attende fleire gongar.


Arabisk bad
Granada er ein gammal arabisk by og spora av dette kan ein finne att mange plassar i byen, m.a. i form av den verdskjende borga Alhambra og gamlebyen Albaicín. Det å trave gjennom dei trange gatene med ulike teppebutikkar som bakteppe er ein måte å observere den eldgamle kulturen på, men ein langt meir behageleg måte å gjere dette på er å ta eit arabisk bad. Det er to badehus i byen, Hammams de Al Andalus ved Plaza Nuevo og Aljibe de San Miguel ved Plaza Trinidad. Eg har vore på begge, og mi subjektive meining er at det førstnevnte badet er noko meir autentisk.

Opplegget er at ein fritt går mellom ulike små basseng med høvesvis iskaldt, varmt og glovarmt vatn. Og om ikkje det er godt nok for å tine opp ein kald nordmann, så er det i tillegg 15 min med massasje, samt god arabisk te etterpå. Badet og området rundt er veldig gjennomført med flotte søyler, arkitektur, historie, arabisk musikk og røykelse.


Har du spørsmål, ta gjerne kontakt
Lukke til med opphaldet i Granada






http://www.nhh.no/Admin/Public/Download.aspx?file=Files%2fFiles%2fstudentsider%2futveksling%2fGranada_H09.pdf

Heile rapporten i pdf-versjon, inkludert eit bilete, sjå denne lekkja:

http://nhh.no/Admin/Public/Download.aspx?File=%2fFiles%2fFiler%2fstudentsider%2futveksling%2fGranada_H09.pdf

torsdag 18. februar 2010


Dagens lunsj; fisk, vatn, brød og ei lita bøtte med sjokolade. Prisen er framleis 4 euro, dog manglar eg fotobevis denne gangen



Slik flyttar ein i ein trang arabiskinspirert by



Verre er det ikkje



Engelske bøker og tidskrift på biblioteket blir godt mottatt, samt artige bilete av Obama






Dette blir nest siste innlegg på denne bloggen. I tillegg kan ein lett observere at eg no er i ferd med å gå tom for bilete av offentleg interesse. Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg har endra karakter på denne bloggen sidan jul og utelukkande publisert bilete med ei kort tekst, i motsetning til den tekstorienterte stilen som eg hadde tidlegare. Bakgrunnen for dette er det tidlegare nemnte fotoapparatet eg fekk i julegåve, samt at det har vore eksamenstid her nede. Eg er no ferdig med 4 eksamenar, eg hadde ein før jul, og har forhåpentlegvis sanka inn 30 studiepoeng. Det neste som står på plakaten er eksamensfest, rydding, pakking og vasking før eg set nasa mot gamlelandet.
Neste innlegg blir ein obligatorisk rapport som eg må skrive om opphaldet her nede og levere til Internasjonalt kontor. I den blir det mykje tekst og faglege synspunkt, så det for vere for spesielt interesserte

søndag 7. februar 2010


Franske Créps (pannekaker). Karamellsaus er ein viktig faktor i denne retten



Tilskodarar frå Mexico og Frankrike observerar korleis denne retten skal lagast


Eit ledd i dette er å vende pannekakene undervegs



Reklame for helsesjokolade



Den irske fotballpuben Hannigan


Og kveldens hovudaktivitet: Eit svært heftig og spanande oppgjer i fransk andredivisjon



Fire representantar frå Frankrike og ein representant frå Norge



Her er heile kollektivet samla. F.v. Simón, underteikna og Romain



Skulebiblioteket



Skrivepulten på rommet mitt


Min faste søndagskafé med gratis Internett, og min gode venn Juan som også matforgifta meg i fjor


Mitt faste treningssenter med svømmebasseng og ymse. Det er litt mindre fancy på innsida



El Corte Inglés. Ei stor kjede i Spania med mykje butikkar


Fire millionar arbeidsledige (19,5 %) i Spania skreiv E24 i forrige veke. Men dette bilete fortel at det ikkje er heilt stopp



Kva gjer ein om det byrjar å brenne her?






mandag 25. januar 2010


Framleis lite vatn i elva i Granada



Ei solklokke på 1013 m.o.h.



Eg og Besten ser på kveldsnytt i bobilen



Dagens middag, pytt i panne



Ei tvilsam parkering midt i byen


Dette får ein om ein bestiller ein kopp kaffi


Vestibylen på skulen



Utanfor Økonomisk fakultet nyttar mange høvet til å sole seg



Økonometri. Forstår du? Eg gjer ikkje, førebels



Legg merke til forelesaren som av ukjente grunnar brukar ein legefrakk


Utsikt frå rommet mitt/verandaen vår. Trist, men sant



Mannen i kvit bak disken, delvis skjult, er den tidlegare omtalte "brusmaskina"



Legg merke til tavla på busshaldeplassen. Der står nemleg antall minutt til neste buss kjem. Kanskje noko for Tide i Bergen


Fotobevis av prisen på maten



Dagens lunsj



Studentkantina



Ved kassa



Studentar på forelesing



søndag 10. januar 2010


Elva i Granada (tatt med det nye kameraet)



Ein liten tur ut i "kulda"



Elva er meir vassrik enn i haust, men eg vil tru det er mykje meir vatn om våren



Nabolaget mitt, liknar litt på Times Square i New York i grunnen


Norge, utanfor stovadøra, 90 cm snø

Igjen elva i Granada (tatt med mobiltelefon)


Utanfor inngangen til leilegheita. Ja, dette er i Spania


På daglegvarebutikken, brød frå Molde om ein skal oversette direkte

Då er eg tilbake i Spania og det snør her. Gradestokken har og gått ned til to lukne grader. Men det er jo mykje betre enn 18 minusgrader. Eg har fått konstruktiv kritikk med tanke på å bruke meir bilete på bloggen (fekk kamera i julegåve m.a.) og her kjem litt ymse bilete. Godt nytt år

mandag 14. desember 2009

Eg har lyst å skrive litt om ulike kultursjokk eg har møtt på her nede. Eg er usikker på kva eg har nemnt før, det har omsider blitt mykje tekst her, men eg får håpe eg ikkje sit og repiterar meg i det vide og breidde. Noko som eg omsider har blitt vant med er heile tida å handhelse på folk. Når ein møter folk, kjende eller ukjende, så er det med ein gong fram med labben. Men ikkje når ein støtar på det motsatte kjønn. Då er det vanleg med eit kyss på kvart kinn. Eg har observert menn som helsar på kvarandre på denne måten, men eg trur ikkje det kan karaktriserast som vanleg. For ein nordmann er det litt rart å gi to kyss på kinnet til ein person du aldri har sett før, men eg trur eg skal overleve.

Når det gjeld høflegheitsfraser, er det også reine språklege forskjellar. I Norge må vi tilbake til klipp frå Filmavisen og gamle dagar før ein kan høre noko som pratar med kvarandre i tredje person, medan her kan du observere slik språkbruk m.a. mellom forelesar og student, når ein pratar med telefonselgarar, når nokon ropar at busssjåføren må opne døra og generelt når ein pratar med framande. Eg har og hørt at ein helst bør tiltale polititenestemenn i De-form. Men eg har ikkje funne noko systematikk i dette, for ofte blir eg tiltalt av framande menneske i du-form. Derfor har eg gjort meg nokre tankar om at det ikkje berre er i Noreg dette er på veg ut. Og det underbyggjar eg med ein film (La lengua de la mariposa) vi fekk sjå på språkskulen om tida rett før den spanske borgarkrigen (1936 -1939), der stort sett all dialog var i tredjeperson.

Mañana mañana-kulturen kan ein observere overalt her. Med det meinar eg at det er svært vanleg å komme litt forseint til avtalar og ymse. Folk stressar lite, noko som er uvant, for å komme til rett tid. Forelesar kjem stort sett uten unntak minst 10 – 15 min forseint kvar einaste dag. Og timane varer i 2 klokketimar i strekk utan pause. Stakkars storrøykjarane, tenkjer eg om desse lange slaga. Og røykjarar er det mange av her. Noko som ikkje er rart når det er så vanvittig mange barar/restaurantar og det ikkje er noko røykjeforbod som vi heldigvis har i Norge.

Utelivet er noko som også er ulikt frå gamlelandet. Her er det ikkje noko særlig folk på diskoteka før klokka i alle fall er to eller tre om natta. Så når folk vanlegvis tek kveld i Norge, er det då det startar her nede. Og nattklubbane stenger som regel klokka sju om morgonen. På fredag var eg på El Capital saman med ein gjeng, og for meg var det uvanleg å observere at diskoteket framleis var ganske fullt når klokka slo 06 00 og vi bestemte oss for å ta kveld.

Eg har tidlegare skreve om ineffektiv bruk av arbeidskraft, eg veit ikkje om det går innanfor kategorien kulturulikskapar, men no har eg i alle fall funne premieeksempelet. I studentkantina står nemleg ein av kelnarane bak disken og fyller ulike typar brus i glas. Eg har følgt med på han, og bortsett frå litt flytting av oppvask til og frå kjøkkenet, så er han er i grunnen sysselsatt heile tida med denne aktiviteten. Så eg har kome til at det skal ikkje meir til enn å snu brusautomaten 180 grader, slik at folk kan gjere dette sjølv imens dei ventar på mat, for å spare nesten eit årsverk. Elles har eg omsider gjort eit forsøk på å ete Paella i studentkantina. Tidlegare har eg smakt på Gazpacho (veldig tradisjonell kald kvitløksuppe), og eg kan konstantere at begge deler er interessant.

Når deg gjeld folk sitt inntrykk av Norge her nede er gjengangaren at folk er av oppfatning at det er veldig kaldt der oppe. I badstua på treningssenteret prata eg med ein spanjol om Norge (terskelen for dialog mellom framande er ikkje høg i badstua, sjølv om ein pratar gebrokkent og seint), og vi kom inn på at Norge har mykje olje og gass. Eg oppfatta ein smule misnøye i ordlyden då vedkommande uttrykte at vi har alt der oppe.

Ei anna noko liknande hending var på språkkurset då vi fekk ei grammatikkøving og skulle kommentere ulike påstandar. På påstanden om at media ikkje er nøytrale svarte eg at det ikkje er sant. Læraren, som heiter Fermin, svarte då lakonisk at dette var typisk norsk og at Norge er «de puta madre», som iflg ordlista er slang for knallbra. Fermin har undervist i spansk for utlendingar lenge og visste blant anna litt om våre generøse velferdsordningar, som bl.a. at vi har eit års fødselspermisjon. Så då eg bekrefta dette var det fleire som heva augebryna i klassa. I Spania og i mange andre europeiske land er det kun 5 eller 6 månedar fødselsperm, så norsk velferd er ikkje vanleg kost.

Om desse to hendingane er generaliserbare og at folk på kontinentet difor er bitre for at vi har fått så mykje energiressursar og også meinar at vi opptrer som om vi har verdens beste samfunn, er vel heller tvilsamt. Men det er i alle fall morosamt å høre kva tankar andre gjer seg om dette eksotiske og lite befolka landet i nord.

Som ein digresjon til slutt vil eg komme med ei personleg meining. Når kvinner her nede klarar seg med så lite fødselsperm, synest eg det er eit kjempeargument for å tvangsfordele fødselspermisjonen meir mellom mor og far i Norge. Sjølv om eg ikkje er sosialist er eg veldig for det radikale forslaget om 6 månedar til mor og 6 månedar til far. Både for å styrke forholdet til barn og far, men også for å unngå kjønnsdiskriminering i ansettingsprosessar (det er plutseleg ingen grunn til å favorisere menn, for dei vil då vere like lenge vekke frå jobb ved ein evt fødsel), og for å unngå lønnsforskjellar mellom kvinner og menn (nokre forskarar hevdar at lønnsgapet mellom kvinner og menn akselererar kraftig når kvinner er vekke eit heilt år).

No har eg ikkje tenkt å la denne bloggen bli eit forum for politiske ytringar, det er Spania og dagleglivet her nede som skal dokumenterast. Men visst eg klarar å stikke litt i nokon med avvikane meiningar er eg nøgd. Samstundes skriv eg for min eigen del, og har planar om å sitte å smile i skjegget når eg les dette om 10 år.

søndag 29. november 2009

Då kan eg med glede konstantere at turen til Norge tidleg i november har bore frukter. Sensor har nemleg vore i godt humør og gitt meg karakteren B på eksamen i Produksjonsøkonomi. I og med at eg ikkje brukar å få så altfor mange av desse laudable karakterane, så vil eg gjerne kringkaste det her på bloggen. Ellers har eg brukt mykje av veka på å hente meg innatt i dei ulike faga, samt å sjå 71° nord på nettsidene til TVNorge.

Matinntaket denne veka har gått i 800 gram biffkjøt, granatepler og mange kvite Oreo-kjeks, samt den svært friterte middagen eg kjøper i studentkantina. Eg har også notert meg at det blir sendt fleire episoder av The Simpsons, Futurama og Family Guy på føremiddagar på søndagar. Og i og med at stort sett alt her nede vert dubba, så er det å sitte og humre til desse programma ein fin måte å lære spansk på.

Eit av faga mine her nede er eit spansk språkkurs med ca 15 andre utvekslingsstudentar frå heile Europa. På torsdag fekk alle vise fram heimstadane sine på storskjerm ved hjelp av Google Earth, som ei øving i praktisere spansk. Etter svært mange trange, forureina og relativt like byar i Italia, Frankrike, Polen og Belgia, vart det litt eksotisk å vise fram kalde Norge langt opp i nord. Eg søkte fram Bergen, og då kunne vi mellom anna sjå stillbilete frå Fløyen, Lille Lundgårsvann, NHH og Bryggen. Spesielt bilete frå toppen av Fløyen blei godt mottatt av forsamlinga. Eg var ikkje like heldig då eg prøvte å skrive inn adressa mi i Ørsta, for her var det svært dårlege og mørke bilete som dukka opp. Difor måtte eg etterkvart kaste inn handkledet då eg innsåg at eg ikkje klarte å lokalisere huset vårt. Samtidig gjekk det eit gufs gjennom tilskodarane då dei kunne sjå både snøv i gatene og på Vallahornet. Likevel trur eg publikum vart noko imponert av å sjå fjordosane og dei bratte fjella.

søndag 22. november 2009

Denne veka er eg ei heilt ny erfaring rikare. Eg har nemleg vore matforgifta, og frå mandag til torsdag låg eg rett ut. Sett i ettertid er det god livserfaring å sette på kontoen, men då det stod på som verst opplevde eg det svært meiningslaust. Sol og frisk luft på fredag gjorde svært godt. Det verste er at eg kun har forelesingar frå måndag til torsdag, både på dag og kveld, så eg har med andre ord godt glipp av ei heil skuleveke. Men i og med at det er lenge til eksamen føler eg ikkje det er noko grunn til å få noia.

Eg har spekulert i kva eg kan ha fått i meg. Det mest nærliggande må vere å anta at min faste søndagsburger på min faste restaurant kan ha noko av skulda. På denne plassen er det gratis trådlaust internett så eg brukar å henge der i helgene. Det eg konsumerte var ein hamburger med lite steikt bacon og eit speilegg med rennande plomme. Dette burde ikkje vere noko farleg, og eg bestiller denne menyen stort sett kvar søndag, men sjuk har eg i alle fall vore.

For å feite meg oppatt har eg ete biff til middag fredag, laurdag og søndag. Og når det kostar 8 euro for 400 gram biffkjøt på supermercadoen er det godt å vere norsk i Spania. I studentlivet til vanleg i Bergen blir det fort mykje mat av typen kylling og kjøttdeig, så eg trur ikkje det er dumt med ei økning i konsumet av biff. Ellers har eg fått augo opp for granatepler. Det heiter berre «Granada» på spansk og er ein slager her nede. Inni i eplet er det mange små raude og saftige «ripsbær» og eplet skal visst vere ei antioksidantbombe. Eg har ikkje observert frukta heime i Norge, men det er vell ikkje umogleg at den ligg i ein eller annan fruktdisk. Smakar gjer den i alle fall.

søndag 8. november 2009


Bursdagsgåve frå Sunniva (gensarar og sjokolade), bursdagsgåva frå Trude kom diverre ikkje med på bilete (godteri og kort), ei gåva frå mamma og pappa eller frå Besta Nanna




Golf på Camposol



No er det så lenge sida eg har publisert noko nytt her på bloggen at det kanskje ikkje er så mange lesarar att. Forhåpentligvis er den harde kjerne enno innom og følger med. Det har skjedd mykje sidan sist. Semesteret er godt i gang og i dei ulike faga er det varierande kor lett det er å forstå læraren og opplegget. Framleis går mykje meg hus forbi, men i og med at det ikkje er eksamen før i februar har eg ein god følelse, om eg skal sitere mora mi dei gongane ho siterar Harald frå Senkveld. Fagopplegget og organiseringa er også framand for ein norsk student. I staden for store auditorium med fleire hundre menneske og ein monolog frå forelesar, er stoda ei anna her. Her er det små klasser og det er ikkje uvanleg at læraren bed om å få ein liten lapp med namn og bilete av studentane. I tillegg krev læraren mykje meir muntleg aktivitet og innleveringar gjennom semesteret. Likevel vil eg påstå at nivået er noko lågare, noko som passar meg bra som er mest interessert i å lære spansk. Mellom anna seier en del av lærarane at det ikkje er nødvendig å kjøpe boka i kurset, det held å kjøpe forelesningsnotatane, samt bruke eigne notatar. Noko som gjer at pensumet blir mykje mindre og ein går ikkje i djupna på samme måten.

Noko eg likar her nede er matkulturen. Eg tenkjer då ikkje på at maten smakar, noko den forøvrig gjer, men korleis inntaket av mat foregår. Her er nemleg vanleg å ete lunsj kl 14 30, og då er kantina full av spanjolar. Og då er det ikkje snakk om tørre norske brødskiver med ein svett ost til. Nei, då snakkar vi varm og god mat. Kjøtt,fisk og ymse. Og dette er ikkje middag. Dette er lunsj, middag er klokka 22 for spanjolar. Dette betyr altså at ein et to store varme måltid pr dag, i staden for ein lett norsk kveldsmat. Sjølv om to varme måltid kanskje ikkje er ein innartiar for klimaet, er det heilt vanleg her nede på kontinentet, og eg synest det er hivens. I tillegg kostar det ikkje meir enn 4 euro (rett nok studentpris, men ein treng ikkje vise studentbevis) for ein tre rettars lunsj med drikke i studentkantina. Då får ein litt brød, ein varm rett, ei flaske vatn og dessert.

Tidleg i oktober hadde eg stort besøk av ein norsk delegasjon, beståande av mine foreldre, tante Bente og onkel Ole og Marit og Oddvar Olsen. Dei budde på Casa Banco på Camposol, som ligg utanfor Mazzaròn i «fylket» Murcia. Dei bada i luksus på bankhuset med badebasseng og strålande temperaturar. Foreldra mine kom på besøk til Granada på søndag, og dei spanderte den dyraste biffen vi klarte å oppdrive. Dei brukte tre og ein halv time med leigebilen før dei kom til Granada, men på tilbaketuren brukte vi kun to timar og ti minutt, etter at vi hadde funne den rette motorvegen vel å merke. Vi var samde om at skiltinga ikkje var like god som i Noreg, men at vegane var av svært høg klasse.

Det heile kuliminerte i at eg måtte ta til takke med å ta buss, noko som var heilt greitt og forøvrig mitt eige forslag. Bussane her nede held høg standard, men det lønner seg å kjøpe billett før ein stig på. Eg fekk smerteleg oppleve at bussen plutseleg vart full, alle andre passajerane hadde vore på billettautomaten og kjøpt billett på førehand, og eg måtte vente nokre timar på neste buss. ALSA er nemleg ikkje som Norway bussexpress, som har plassgaranti. Sånn sett er det ikkje berre spanske gloser eg må lære, men og kultur og koder.

På Casa Banco var det svært kjekt å nyte nokre dagar i godt lag. Det var ein stor overgang å kome frå mitt spartanske studentkollektiv i byen med vindu og altan inn mot ein bakgard, til dette flotte palasset som Sparebank1 Volda Ørsta har investert i. Her var svømmebasseng, internett, uteområde og veranda. Ein av dagane tok vi på oss kvitsnippane og gjekk opp på golfbana og slo nokre enkle slag. Vi stod på driving rangen og der stod vi saman med nokre andre pensjonistar og klinka til. Rett før eg skulle komme med ein litt spydig kommentar av relativ mild karakter i høve den utviste etikketten frå nokre av våre medgolfarar, byrja desse plutseleg å snakke norsk til oss. Det viste seg at desse 68-arane frå Bergen nettopp hadde kjøpt seg eit vinterhus i området og dei var blitt beten av golfbasillen. I Granada har eg så langt møtt ein nordmann, men på Camposol florerar det visstnok av dette folkeslaget, samt mykje engelskmenn.

Denne historia bringar med vidare til det eg har gjort siste veka. Eg har nemleg vore ei veke i Bergen. Og dette eldre golfekteparet møtte eg tilfeldigvis att på flyet til Bergen. Verda er lita. Dei skulle då ein tur heim til hytta på Meland, og vi var samde i at dei åtte varmegradene som møtte oss på Flesland var ein alvorleg frisk pust i anletet. Desse hyggelege og kjøpesterke golfarane minnar meg på ein artikkel eg nyleg las i Aftenposten som avslutta med følgande paradoks: Kanskje er det dei svært statsvennlege 68-arane, også kjent som den komande eldrebølga, som framover kjem til å opne opp for og vidare forbruke private helsetjenester i stor skala med si enorme kjøpekraft?

I Bergen har eg besøkt Sunniva og eg har avlagt ein eksamen. I tillegg kan det vere verdt å nemne at eg har overlevert 6 pakkar med kvite Oreo-kjeks, konjakk til far og hudkrem til tante Randi til Anita, som var på jentetur til byen mellom dei sju fjell utan fadderbarnet mitt. Den relativt nybakte mora spanderte også dyr kaffi på meg og Sunniva på ein sjarmerande to-etasjers kafè like ved den blå steinen. På eksamen var det svært mykje å gjere og enkelte delar oppfatta eg som hysterisk vanskeleg. Men eg kom meg gjennom, bortsett frå at eg måtte svare blankt på 12,5 % av eksamenen, pga den nevnte tida og også pga mine manglande evner. Men eg har trua, og ein skal ikkje selge skinnet før bjørnen er skutt, som også er eit identisk ordtak på spansk. Gjennomsnittstemperaturen i Bergen denne veka har vore på rundt 4 - 5 grader, og i byrjinga synest eg det var friskt og godt. På slutten av opphaldet når halsen min streika, tenkte eg med glede tilbake på varmare strøk. Og i går når eg landa i Malaga og fekk 22 grader slått i anletet, forsvann min såre hals nesten umiddelbart.

Til slutt har eg lyst å dele nokre av tankane eg har gjort meg om lokalbussane her nede. Eg bur 45 min gange, inkludert ein bratt oppoverbakke, ifrå økonomisk fakulitet. Noko som betyr at eg føretrekk å ta buss til skule, og heller av og til spasere heim. Problemet er at bussane alltid er smekkfulle. Og bussopplegget er tillaga for det. Fordi det er nemleg svært få sitteplassar på bussane, og svært mange ståplassar. På dei store trekkspelbussane står det at kapasiteten er 22 sitteplassar, og 90 plassar totalt. Det er altså mange enkeltsitteplassar og mykje ledig rom på bussen. Det betyr at det kan gå relativt færre bussar og at desse i staden kan fyllast godt opp. Eg synest det er svært ubehageleg og alltid måtte stå som sild i tønner på bussen, uavhengig om la gripe A (svineinfluensaen) herjar eller ikkje. Reint bedriftsøkonomisk er det svært lønnsamt, med færre bussar og bussjåførar, men eg håpar at det aldri kjem slike bussar til Bergen, sjølv om det ofte der også er svært fullt på bussen.

Paradokset er nemleg at med tanke på bussjåførbemanning skal spanjolane spare på ressursane og vere mest mogleg effektive, men på alle restaurantar og butikkar er det VM i å tilsette mest mogleg ineffektiv arbeidskraft. På supermercadoen er det bemanna brøddisk, fiskedisk, ostedisk, og fleire kjøttdiskar. I tillegg skal ofte kassadama absolutt pakke ned varene mine. I studentkantina i Bergen er det nokre få som arbeidar og det er ofte same person som serverar mat og tek betaling. Stor grad av sjølvbetjening, kanskje pga dyr arbeidskraft, og eg synest det er heilt flott. Men i studentkantina på universitetet er det ein som tek betaling, samt ein flokk kelnarar som svirrar rundt og serverar. Og når det er fleire ulike rettar og du ikkje treng å rydde opp etter deg sjølv, då trengst det plutseleg mange kelnarar. På den andre sida er systemet kanskje logisk, med tanke på kor høg arbeidsløysa er her nede.

mandag 5. oktober 2009


Eg og mine to romkameratar med kvite papirlommetørkle. Betydde visstnok at tyrefektaren hadde vore flink og difor kunne fått eit eller begge av øyra til oksen som premie



Den stakkars oksen blir slept ut



Olè



Tyrefektaren i full vigør



Dei tre banderillerane i aksjon



Legg merke til femåringen som observarar og lærar


Fin marsjering i starten


Plaza de Toros


Litt bilete frå nye leilegheita, før vi flytta inn. Kjøkken


Stove



Rommet mitt (ser betre ut i virkeligheita, og med meir lys inn vinduet)

Bad

Dusj

Inngang








Då har eg vore her nede i varmen i 2 månadar. Det var kjekt å konstatere i går, samtidig som eg noterar meg at vi har bevega oss inn i kalde oktober, at gradestokken hadde klatra opp att til 29 grader rundt middagstid (norsk middagstid, vel og merke). Ved spansk middagstid, ca kl 22 om kvelden, var det litt kaldare, utan at eg har nokre sikre temperaturreferansar å vise til. Difor er det ikkje til stikke under en stol at det er mogleg at shortsen kan takast i bruk igjen.

Vidare har eg flytta inn i ein ny bustad, eit kollektiv med to franske gutar. Hyggelege og omgjengelege folk, men vi slit litt med kommunikasjonen. Eg pratar betre engelsk enn spansk, sjølv om engelsken min heller ikkje er all verda å skrive heim om. Dei derimot pratar betre spansk enn engelsk, og gode råd er ofte dyre når eg ber om at dei spanske frasene dei serverar vert omsett til engelsk. Det er og kjekt at eg slepp å vere kontaktperson med husvertane. Det er ikkje det at husvertane ikkje er oppegåande folk. Eg fekk mellom anna eit kakestykke den dagen eg flytta inn, som inneheldt vatn, mjølk og olivenolje og en del andre ingrediensar som eg ikkje forstod.

Bustaden er heilt ok. Fin, grei, og veldig spansk er dei adjektiva eg har fått høyre om krypinnet, med unntak frå Trude som uttalte at det var stygt. Men det store problemet er at det ikkje er internett/telefonlinje her. Og om vi skal ha det må ein underteikne ei 18-månaders kontrakt. Imidlertid er mogleg å gjere som mamma på hytta, nemleg å koble til internett gjennom ein USB-stick som ein pluggar inn i datamaskina (liknar på ein minnepinne). Problemet er at det er svært dårlig mobildekning på rommet mitt, samt på kjøkkenet og på stova. Eg klarer å sende og motta sms, og om eg legg mobilen på puta klarer eg stort sett å ringe og motta samtaler. Så førebels ser det ut som at eg må klare meg utan internett i heimen. Det flotte med det er at då får eg faktisk gjort noko på kveldane, men til gjengjeld vert det kanskje gjort mindre når eg er på skulen, der det er nett.

Når det er snakk om spansk høgkultur er ofte tyrefekting noko som blir trukket fram. Eg har fått oppleve hendinga frå tilskodarplass, og for meg var det meir enn nok å sjå det ein gong. Under denne blodige affæra vart totalt 6 oksar brutalt slakta ned. Seansen var identisk ved kvar okse. Først var det 3 banderillos som tirra opp oksen. Deretter var det kvar sin gong for desse å leggje frå seg kappa si og vidare springe ut i manesjen å setje eit lite spyd/banderilla i oksen. Dette klarte dei utan å bli stanga ned av oksen. Spydet er konstruert slik at det vil henge fast i oksen og vi kunne observere at blodet rant ned frå ryggen på stakkaren.

Det neste på programmet var nokre hestar med beskyttelse rundt seg og ryttarar/picadores med spyd som inntok ringen. Desse stakk spydet nokre gongar i ryggen på oksen, og eg såg ikkje heilt poenget med dette. Eigentleg tok eg ikkje poenget med heile tyrefektinga, men når det kjem til kultur er det i grunnen mykje eg ikkje forstår.

Til slutt var det tyrefektaren sin tur å bruke kappa si. Han stod på både på føter og kne og var farlig nær oksen ved fleire høve. Og utan vidare forvarsel satte han plutseleg eit sverd i ryggen på oksen. Deretter kom ein banderillo på bana igjen for å ta ut igjen sverdet. Denne seansen med å stikke sverdet inn i oksen og etterpå ta det ut igjen heldt fram heilt til oksen la seg ned på kne og ikkje klarte meir. På eit av dyra kom det og blod ut av munnen på dette tidspunktet. Då oksen hadde inntatt denne stillinga var det ein banderillo som fekk æra å stikke en liten kniv i hovudet på oksen og røre godt rundt så det omsider vart slutt på lidinga.

I løpet av desse to timane var det stor stemning med born og vaksne som klappa og ropte. Ved nokre høve vinka store delar av publikum med kvite papirtørkle og serviettar, og det betydde at tyrefektaren hadde vore flink og at han då kunne få eit eller begge av øyrene til oksen som premie.

Det er alltid ein kirurg som er ekspert på stikkskadar tilstade i bakgrunnen ved tyrefekting. For det går visst fort ei nyre når tyrefektarane skal vere så nærgåande, og i tillegg har det vore dødsfall. Men det set ikkje ein stoppar for denne gladiatorprega slosskampen, og spesielt her i Andalucía-regionen sør i landet er tyrefekting populært. I nord er spanjolane meir ambivalente, og dei siste åra har motstanden auka. Ifølge dyrevernorganisasjonen NOAH var Barcelona i 2008 den første spanske byen som fekk gjennom eit forbod mot tyrefekting. Men om dette forbodet spreier seg sørover får tida vise.


Eg har også byrja på Universitetet denne veka. Der var mange nye impulsar og eg har gjort med nokre tankar om studentlivet i Spania, men no har eg skreve så mykje at vi får ta det igjen seinare. Og neste helg kjem ein norsk delegasjon nedover. Følg med i neste episode.